Besøk frå Redbrigde i London

HVO-studentar som studerer religion, livssyn og etikk ved Høgskulen i Volda har kvart år sidan 2008 reist på studieturar til bydelen Redbridge i London. Sist veke fekk Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag vitjing av Dr. Bill Gent og Zameer Hussein, instituttets kontaktar i bydelen.

f919f6e416e47cf25627f2d77adc980b

Dr. Bill Gent og Zameer Hussain.

Dr. Bill Gent er «instituttes mann» i Redbrigde, og er den som organiserer studieturane for studentane frå Volda. Gent har arbeidd som rådgjevar i bydelen i mange år, og har særleg jobba med religionsundervisning i multikulturelle samfunn. Han har skrive ei rekkje bøker om emnet. Zameer Hussain er lærar og leiar for avdeling for religion, filosofi og teologi ved Beal High School.

Beal High School er ein stor skule med 2500 elevar frå 11-19 år, og skulen er rangert som «outstanding» av OFSTED (Office for Standards in Education, Children's Services and Skill).

ff8f4a40063078d9e2993ee2eefaf2a4

– Redbridge er ein svært multikulturelt bydel, og det er spennande og lærerikt for våre studentar å oppleve korleis ein i engelske skular og barnehagar taklar denne fleirkulturen, seier førsteamanuensis Ralph Meier ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag.

Under opphaldet i Volda fekk dei to engelskmennene møte tilsette på HVO, besøke ein norsk skule (Sæbø) og  undervise RLE-studentane på høgskulen. Bill Gent besøkte i tillegg to barnehagar i Volda (Øyra og Hjellbakkane).

a30d3622480691246395b0aa2b25b52f

Del på: