Aukar med statstilskot
Fire av fem utkantbutikkar har auka omsetninga takka vere støtte frå Merkur-programmet, eit merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkar. Det kjem fram i ein rapport som Møreforsking og Høgskulen i Volda har laga på oppdrag for Kommunal- og regionaldepartementet.
Forskarane Else Ragni Yttredal , Geir Tangen og Finn Ove Båtevik ved Møreforsking i Volda har sett nærare på 75 av dei 700 butikkane som har vore med på programmet. Fire av fem meiner også at butikken har blitt meir robust og levedyktig på sikt, og nesten alle butikkeigarane er blitt meir motiverte til å drive butikken vidare. I 2006 skal det brukast sju millionar kroner på programmet.
MERKUR – merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkar
MERKUR-programmet har som mål å sikre eksistensen til norske utkantbutikkar og medverke til at lokalsamfunna rundt i Noreg har god tilgang på daglegvarer og andre tenester som bygda treng. I år er det ti år sidan programmet starta, og til nå har over 500 lokalsamfunn fått sikra og betra sitt servicetilbod gjennom MERKUR.
Les meir:
Merkur-programmet