Åtte forskingsprosjekt ved Nynorsksenteret
- Endeleg får ein i gang forsking og utviklingsarbeid på nynorskopplæringa fleire stader rundt om i landet, seier leiar ved Nynorsksenteret Anne Steinsvik Nordal. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa set hausten 2005 i gang forskings- og utviklingsarbeid for å styrkje nynorskundervisninga i skulen.
Pedagogar på Høgskolen i Stord/Haugesund, Holmlia skole, Sandnes videregående skole, Ringsaker vidergående skole, Våland skole, Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Østfold og Høgskulen i Volda får fou-midlar frå Nynorsksenteret for å finne ut meir om kva som er god nynorskopplæring.
Ved Høgskolen i Stord/Haugesund, med ansvarleg Hege Myklebust, vert prosjektetÅ kunna uttrykkja seg skriftleg sett i gang. Skriftleg uttrykksevne er ein av dei fem grunnleggjande dugleikane elevane skal målast i etter den nye læreplanen, og dette prosjektet vil finne ut kva kompetanse lærarane treng for å gje ei tilfredsstillande opplæring i skriving av fagtekster på nynorsk i dei ulike faga. Å utvikle skrivekurs for lærarar etter kartlegging av behova er ein del av prosjektet.
Holmlia skole i Oslo set i gang forsøket Sidemålsløftet – Holmlia skole. Dei vil utvikle ein god modell for sidemålsopplæring, auke lærar- og elevkompetansen i sidemål, endre lærarane og elevane sine haldningar til nynorsk og gjennomføre forskingsbasert dokumentasjon av prosjektet. Prosjektet skal omfatte alle dei 470 elevane ved skulen, der 62 % er minoritetsspråklege og 40 ulike språk er representerte. Torill Wiiger Tørjesen og dei ti andre norsklærarane ved skulen vil ha hovudansvaret for prosjektet.
Ved Våland skole i Stavanger skal forsøket Haugtussa som barnelitteratur gå føre seg over eit par år i barneskulen. Andre klasse har bokmål som opplæringsmål, men gjennom dette opplegget skal barna verte kjende med nynorsk språk og litteratur. Om lag 65 elevar er med på prosjektet, og ansvarleg lærar er Lise Lunde Nilsen.
Sandnes videregående skole set i gang Snu steinar med n33, der skriving og språkglede skal vere sentralt. Elevane skal skrive 33 nynorsktekster gjennom skuleåret, og nynorskkompetansen til elevane skal også styrkjast gjennom allsidig og tverrfagleg lesing og skriving av nynorsk.
Ved Høgskolen i Oslo kjem prosjektet Nynorsk i lærarutdanninga, vurdering av eit opplegg knytt til skrivemappe på nynorsk i gang. Ved allmennlærarutdanninga i Oslo skal alle mappearbeid i 1. klasse ha nynorsk som målform, og arbeida skal vere grunnlag for vurdering med gradert karakter for 7 studiepoeng i norsk. Kva verknader dette opplegget har for studentane, vil verte nøye granska og rapportert av dei ansvarlege som er Synnøve Skjong og Inger Vederhus.
Høgskulen i Volda ved Hilde Osdal og Birgitte Grimstad får støtte til å utvikle læremiddel for minoritetsspråklege på nynorsk. I første omgang skal dei lage ein arbeidsgrammatikk og nynorske tekstsamlingar. Det er skrikande mangel pånynorske læremiddel for minoritetsspråklege, så dette arbeidet er viktig å få i gang no.
Høgskolen i Østfold ved Benthe Kolberg Jansson set i gang eit forsøk i vidaregåande skule med tittelen Hossen kan skriftlig sidemålsopplæring bidra positivt i den generelle skriveopplæringa. Eit lite utval av elevane skal følgjast gjennom tekstene dei skriv på begge målformer og over eit lengre tidsrom. Samtidig skal vilkåra for opplæringa i begge målformer, slik dei kjem til uttrykk i klasserommet, studerast og analyserast. Prosjektet har klart preg av aksjonsforsking.
Norskmiljøet ved Høgskolen i Hedmark og ved Ringsaker videregående skole vil samarbeide om eit forsøk der skriving på sidemålet i mange samanhengar vert stimulert. Elevane har sine eigne PC-ar, og bruk av publiseringsverktøy og læringsplattforma LOKUS vert teke i bruk som læringsverktøy. Det er Olav Veka i samarbeid med Tormod Stauri som er ansvarlege for opplegget.
Erfaring og dokumentasjon
Alle prosjekta skal, etter eitt års arbeid, vurderast og dokumenterast gjennom rapportar frå kvart einskilt prosjekt, sjølv om prosjekta vil halde fram over fleire år. Desse forskings- og utviklingsarbeida vil gje nyttige erfaringar og dokumentasjon av nynorskundervisning som er planlagt og gjennomført av godt kvalifiserte og entusiastiske lærarar.
Rapportane og opplegga frå prosjekta vil i sin tur verte lagde ut på Nynorsksenteret sin nettstad, slik at alle interesserte lærarar kan gjere seg nytte av forskings- og utviklingsarbeida.
Nynorsksenteret vil ved å setje i gang slikt arbeid rundt om i heile landet byggje opp eit nettverk av institusjonar som samarbeider med Nynorsksenteret om å styrkje nynorskundervisninga i heile grunnopplæringa og i lærarutdanninga.