Arbeidsseminar: Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn
22. – 23. april vert det på Høgskulen i Volda arrangert arbeidsseminar for prosjektmedarbeidaren og kommentatorar frå ulike delar av landet. Temaet for seminaret er: Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn.
Foto: Arkiv. Gamle historiebøker
- På Berte Kanutte-huset kan ein desse to dagane treffe mellom 20 og 25 deltakarar ifrå rundt om i landet, melder professor Atle Døssland ved Historisk institutt. Han står sjølv for velkomsten på arrangementet.
Seminaret er todelt, det vil seie at programmet på torsdag (22.04.10) varer ifrå kl. 11:15 og utover dagen, og på fredag (23.04.10) ifrå kl. 09:00 til 15:30.
Torsdag
På programmet står blant anna innlegg av Knut Sprauten, Jens Johan Hyvik og Arvin Grepperud, samt kommentar frå Steinar Supphellen. Seinare på torsdagen vil du også få høyre innlegg frå Arnfinn Kjelland, Atle Døssland, Mette Vårdal og Grethe Sliper, med kommentarar frå Narve Fulsås og Anne-Hilde Nagel.
Dag ein vil bli avslutta med middag på ”Skrivargarden” i Volda.
Det er prosjektmedarbeidarane i strategisk høgskuleprosjekt (Shp-prosjektet) som står i kulissene for arbeidsseminaret. Arrangørane er ei gruppe fast tilsette ved Historisk institutt og Institutt for religion, livssyn og kristendom (RLK) ved Høgskulen i Volda.
Fredag
Fredag 23. april 2010 held seminaret fram med innlegg frå Brynjulv Gjerdåker, Birger Løvlie, Harald Krøvel, Andrew Newby, Marthe Munch-Møller og Eyvind York. Her er det Øystein Rian og Arne Bugge-Amundsen som står for kommentarar. Vidare vil Ståle Dyrvik oppsummere arrangementet, før det avslutningsvis blir middag kl. 15:30.
Foto: Helle Nærø
Les meir om Strategisk høgskuleprosjekt og arbeidsseminaret her
Sjå førebels program for seminaret her