Skapande læringsprosessar i musikk

Gruppa arbeider med forsking knytt til skapande læringsprosessar i musikk. Tematikken er relevant for læringsprosessar hjå dei tilsette sjølve, hjå studentar, og hjå eksterne aktørar som ein kan oppsøkje eller som ein har kontakt med gjennom praksisfeltet. Forskargruppa har eit generelt mål om å auke forskingsaktiviteten i fagmiljøet, og eit meir spesifikt mål om å bidra til fagfeltet ved publisering og formidling innan tematikken. Forskingsstudiar vil bli gjennomført av fagtilsette ved HVO og med varierande grad av involvering av eksterne forskarar.

Føremål

  • Å auke forskingsaktiviteten i fagmiljøet gjennom prosjekt, publisering og formidling
  • Å bidra til utvikling av forskingsfeltet gjennom tilskiping av fagseminar, publikasjonar og konferansebidrag
  • Å publisere ein fellespublikasjon om skapande læreprosessar i musikk

Aktivitetar

Gruppa skal vere eit forum for skapande prosessars i musikk og er i den samanheng også opne for fleire tverrfaglege synergiar. Me jobbar med kontekstuell analyse, gjerne knytt til teoretiske og metodiske problemstillingar. I 2024 har gruppa hatt to spennande skriveseminar knytt til temaet improvisasjon, eit på Loen i juni og eitt i Fosnavåg i desember. Resultatet av dette arbeidet vil vonleg verte presentert på Grieg Research School konferanse i Volda i juni 2025, der gruppa også vil delta aktivt på andre måtar med mellom anna keynote presentasjon. Gruppa har også levert bidrag til internasjonalt profilerte journalar og presentert på internasjonale konferansar. Me er representerte i forskingsnettverk som GRS (Grieg Research School) og jobbar både i arbeidsgruppe her og gjennom faglege presentasjonar på konferansar . Gruppa har også knytingar til internasjonale institusjonar (Queensland Conservatory, Griffith University, Brisbane, Australia) gjennom gjesteforskaropphald i 2023/24 frå eit av medlemene. Gruppa støttar økonomisk seminar eller konferansar som er relevant for forskingsgruppa og har som mål å få integrert fleire master og PhD-stipendiatar i gruppa.

Interne medlemmar

  • Førsteamanuensis Stein Helge Solstad, Institutt for musikk, AKF (leiar)
  • Professor Rune Krumsvik, professor II, AKF / Universitetet i Bergen
  • Professor emeritus Magnar Åm, Institutt for musikk, AKF
  • Professor Erik Cyrus Fooladi, AHL
  • Dosent/doktorgradsstudent Elizabeth Oltedal, Institutt for musikk, AKF
  • Førstelektor Øystein Salhus, Institutt for musikk, AKF
  • Stipendiat Morten Stene, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL)
  • Høgskulelektor Lars Ove Fossheim, Institutt for musikk, AKF

Eksterne medlemmar

  • Førsteamanuensis Tine Grieg Viig, Høgskulen på Vestlandet
  • Professor emeritus Martin Fautley, Birmingham City University

Prosjekt

Forskingsgruppa vurderer til ei kvar tid etablering av eller kontakt med relevante prosjekt, noko som kan omfatte samarbeidsprosjekt for delar av eller heile forskingsgruppa internt eller i samarbeid med eksterne samarbeidspartar.

Førebelse planar for 2025:

  • Konferanse for studentar, tilsette på høgskulen og fagarbeidarar innan helse og omsorg om temaet: Musikk i arbeid med personar med demens 
  • Planlegge ny antologi om skapande læringsprosessar i musikk i ein Teaching Artist kontekst
  • Presentasjonar på GRS konferanse i Volda, inkludert artikkel om improvisasjon som er arbeidd fram siste året av fire medlemmer av gruppa og som me håpar å få publisert dette året.
  • Arbeide aktivt med internasjonalisering, utveksling mellom universitet og høgskular for å styrke forskingsgruppa sitt forskingsnettverk.
  • Delta i NFR søknad knytt til NFR-prosjekt leia av Nord-universitet som koplar musikkfaget, norskfaget og ruralitet (urfolksperspeltiv) i lærarutdanning og skule
  • Samarbeide med CREO om kurs for musikkstudentar knytt til musikalsk entreprenørskap