Semesters

MAT152 Programmering i matematikkundervisning

Course code: 
MAT152
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
5
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Autumn
Assessment semester: 
2025 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt matematikkdidaktiske og faglege grunnlag for å bruke programmering i matematikkundervisinga. Emnet gir studentane kompetanse i kritisk refleksjon over korleis, kvifor og når ein kan bruke programmering i undervisninga. I emnet vil studentane også utvikle kompetanse i å reflektere rundt endringar i matematikkfaget som konsekvens av digital utvikling, og kva kompetanse ein matematikklærar treng i dag og i framtida. Emnet vil innehalde innføring i visuelle og tekstbaserte programmeringsspråk, og korleis ein kan bruke desse i skulen. Didaktisk bruk av programmering og den algoritmiske tenkinga som er knytt mot kompetansemåla i gjeldande læreplan er også tema i emnet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har

  • kunnskap om pedagogisk bruk av programmering i matematikkundervisninga som fremmar læring
  • kjennskap til grunnleggande konsept i programmering
  • undervisningskunnskap om bruk av programmering i matematikkopplæringa i grunnskulen
  • kjennskap til og undervisningskompetanse om algoritmisk tenking og programmering i matematikkopplæringa i grunnskulen.
Learning outcome skills

Studenten kan

  • anvende kunnskap i bruk av både visuell- og tekstprogrammering i matematikkundervisninga
  • bruke grunnleggande konsept i programmering
  • bidra i lokalt læreplanarbeid med integrering av programmering i undervisninga
  • bruke programmering og algoritmisk tenking i matematikkundervisninga.
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • delta og bidra i lokalt utviklingsarbeid knytt til programmering og utvikle matematikklæraren sin praksis i bruk av programmering i undervisinga
  • utvikle haldningar til, forståing for og refleksjon over bruken av programmering og digitale verktøy i matematikk.
Working and learning activities

Studiet er organisert som eit reint nettstudium med både synkron og asynkron nettundervisning. På den synkrone undervisninga er det obligatorisk frammøte. Kommunikasjonen mellom studentar og høgskulen vil for det meste skje gjennom e-læringsverktøy.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er krav om 80 % frammøte til den synkrone undervisninga; jf. § 6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav:

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha levert og fått godkjent alle arbeidskrav innan fastsette fristar. Arbeidskrava blir spesifisert i semesterplanen.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Runar Lie Berge
Used in other programs
  • Continued education in mathematics for teachers
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Digital eksamen på nett