Semesters
MAT151 Begynnaropplæring i matematikk
Ingen
Gjennom emnet får studentane eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på barnesteget, med særleg fokus på begynnaropplæring.
Matematikkfaglege tema vil vere talforståing, geometri, funksjonsomgrepet og algebraisk tenking. Det blir lagt vekt på korleis ein i begynnaropplæringa kan legge grunnlaget for vidare læring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- kunnskap om begynnaropplæring i matematikk med vekt på at elevane skal utvikle rike omgrepsinnhald og ei funksjonell talforståing
- kunnskap om matematiske lærings- og utviklingsprosessar i tema som geometri, funksjonar og algebraisk tenking
- kunnskap om bruk og vurdering av ulike læremiddel, som til dømes konkretiseringsmateriell, spel og læreverk
- kunnskap om matematikkfaget sitt innhald i barnehagen og barnetrinnet, og overgangen frå barnehage til skule.
Studenten kan
- planlegge, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar med fokus på variasjon og elevaktivitet
- kommunisere med elevar, lytte til, vurdere, gjere bruk av elevar sine innspel og stimulere elevane si matematiske tenking.
Studenten skal kunne
- bruke både matematikkfaglege og matematikkdidaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte.
Emnet har ei obligatorisk samling der arbeidsmåtane varierer mellom førelesingar, dialogbasert undervisning, gruppearbeid og seminar. Det vil bli gitt før- og etterarbeid til samlinga. I tillegg vil det vere nettundervisning og lagt til rette for at studentane kan samarbeide på nett. Kommunikasjonen mellom studentar og høgskulen utanom samlingane vil for det meste skje gjennom e-læringsverktøy.
Frammøtekrav:
Det er krav om 80% frammøte til undervisninga; jf. § 6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha levert og fått godkjent alle arbeidskrav innan fastsette fristar. Arbeidskrava blir spesifisert i semesterplanen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Continued education in mathematics for teachers
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Digital eksamen på nett |