ULESA3C Medborgarskap, danning og demokrati
Ingen.
I læreplanen for samfunnsfag i grunnskulen står det at samfunnsfaget er eit sentralt fag i arbeidet med å gjere elevane til deltakande og kritisk tenkande borgarar. Vidare er samfunnsfaget tildelt ei særleg rolle når det gjeld demokrati og medborgarskap som sentrale tema, og både demokratiforståing, deltaking og kritisk tenking er løfta fram i kjerneelementa for faget.
Emnet bygger på teorigrunnlag frå statsvitskap, politisk og pedagogisk filosofi, med særleg vekt på demokratiteori, danningsteori og medborgarskapsteori. Ulike former for demokrati og føresetnadar for politisk deltaking er viktige tema. Politisk sosialisering og politisk danning har utvikla seg over tid og blir utfordra av endra samfunnsvilkår. Endringar i notida stiller demokratiet overfor ulike utfordringar. Kunnskap om kva utfordringar det kan vere snakk om, og korleis dei kan handterast vil vere ein del av emnet. Historiske føresetnader for demokrati, medborgarskap og politisk danning er sentralt.
Emnet skal opne for ei utvida forståing av samfunnsfaget som eit haldningsfag, der studentar og lærarar i fellesskap arbeider teoretisk og empirisk med overordna normer og verdiar som medborgarskap, demokrati og danning, men også med underordna tema som kritisk tenking, menneskerettar og menneskeverd. Ulike fagdidaktiske tilnærmingar i emnet vil ta opp samfunnsfaget som beredskapsfag i møte med utfordringar for demokratiet.
Den forståinga for demokrati studentane opparbeidar seg gjennom emnet, skal dei ta med seg inn i eiga forsking omkring samfunnsfaget som skulefag. Dei skal kunne undersøke og vurdere overordna fagdidaktiske problemstillingar og utviklinga av faget, så vel som eigen praksis innafor dei rammene læreplanverket gir.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har inngåande kunnskap om samfunnsfaget som skulefag, og om utviklinga og legitimeringa til faget
- har god innsikt i demokratireoretiske perspektiv
- har solid forståing av kva demokratisk deltaking er, korleis det har utvikla seg over tid, og av føresetnadene for slik deltaking.
- har inngåande forståing for samfunnsfaget si rolle for medborgarskap og demokrati
Studenten
- kan analysere faglege problemstillingar basert på kunnskap om lærarprofesjonen og samfunnsfaget sin eigenart, verdigrunnlag og historie, og bruke slik innsikt i undervisning, og forskings- og utviklingsarbeid
- kan drøfte ulike perspektiv på faget si rolle og oppgåve i utdanning og for unge menneske som demokratiske samfunnsmedlemmar
- nytte dialogbaserte undervisningsformer
- kan analysere og kritisk vurdere samfunnsfaglege framstillingar, og særleg læreverk
- kan bruke samfunnsfaglege teoriar og metodar i eiga forsking, undervisning og formidling
Studenten
- har ei profesjonell haldning, og kan kritisk reflektere over og drøfte profesjonsetiske, samfunnsfaglege og utdanningspolitiske spørsmål
- kan bruke avansert fagleg kunnskap og skjøn til å styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv, berekraftig utvikling og skulen sitt demokratiske danningsoppdrag
- kan bruke kunnskapar og sentrale teoriar frå geografi, historie og samfunnskunnskap til å formulere eigne problemstillingar og bidra til utvikling av skulefaget samfunnsfag
- kan setje seg inn i faglege problemstillingar gjennom systematisk innhenting av forskingslitteratur
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom seminar og arbeid i mindre grupper. I undervisninga vert det lagt stor vekt på kritisk refleksjon og diskusjon, og det er ein føresetnad at alle studentar deltek aktivt i undervisninga.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- a. Studenten skal, som ein del av emnet, skrive eit litteraturreview på 1200-1500 ord over tre sjølvvalde artiklar, som er godkjent av faglærar og relevant for tema i emnet.
b. I løpet av semesteret skal studenten presentere ein av desse fagartikklane for studentgruppa. - Studenten skal, som ein del av emnet, gjennomføre ein læremiddelanalyse av eit lærebokutdrag, der tema demokrati og medborgarskap skal vere sentralt i analysen.
Nærare detaljar om arbeidskrava vert gitt ved semesterstart.
Arbeidskrava vil inngå som en del av grunnlaget for eksamensarbeidet.
- Undervisning og læring - erfaringsbasert master
- Undervisning og læring - erfaringsbasert master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Munnleg eksamen vil ta utgangspunkt i arbeidskrava i emnet. |