Semestre
PPU-DID2FR Didaktikk 2 Framandspråk
Gjennomført obligatoriske undervisnings- og læringsaktivitetar i didaktikkemne 1.
Emnet omfattar arbeid med å analysere elevar si læring i fag, og tilpasse undervisninga for ulike elevgrupper. Korleis ein kan utvikle grunnleggjande ferdigheiter i faget, korleis faget kan inngå i tverrfagleg undervisning, og studenten si evne til kontinuerleg utvikling av lærarrolla i faget, står sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- Inngåande kunnskap om framandspråksfaga sin eigenart
- Kunnskap om barn og ungdom i utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar, herunder samisk kultur, i språkfaga
- Brei kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar og tilpassa opplæring i engelsk/språkfaget
- Kunnskap om språkfagleg danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, bærekraftig utvikling, mangfald, likestilling og likeverd
Studenten kan:
Bruke varierte metodar i undervisninga, differensiere og tilpasse opplæringa i faget slik at den tek omsyn til mangfald i elevgruppa og elevens evne til kritisk tenking
Legge til rette for tverrfagleg samarbeid og læringsarbeid med andre fagområde
Kritisk vurdere og utvikle læringsressursar, inkludert digitale, som er sentrale for engelskfaget/framandspråksfaga
Gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar
Kandidaten kan:
Ta ansvar for faglege samarbeid med relevante aktørar aktuelle for skuleverket og forskingsbaserte utviklingsarbeid som fremjer fagleg nyskaping i opplæringa.
Formidle fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå og kritisk reflektere over profesjonsetiske spørsmål
Undervisninga vert gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag (spesifikk fagdidaktikk). Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing.
Bestått didaktikkemne 1.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet. Les om frammøtekrav i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk.
Arbeidskrav:
Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart.
Del A) Alle studentar skal levere to didaktiske arbeid i primærfaget.
Del B) Alternativ 1 er for studentar med berre eitt undervisningsfag (berre primærfag). Alternativ 2 er for studentar med to undervisningsfag (både primærfag og sekundærfag)
Alternativ 1 (eittfaglege): Gjennomføre to didaktiske fordjupingsarbeid knytt til faglærarrolla i primærfaget. Arbeidsmengda på dei to arbeida skal totalt tilsvare arbeidsmengde for alternativ 2.
Alternativ 2 (tofaglege): Godkjent 80% deltaking i obligatoriske aktivitetar og undervisning i sekundærfag tildelt gjennom opptaket. Gjennomføre eitt godkjent fagdidaktisk arbeid som viser didaktisk grunnkompetanse i sekundært fag. Det sekundære faget har ansvar for arbeidskravet, men arbeidskravet skal inngå i eksamensmappe i emnet studenten er meldt opp i (primærfag).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | For eittfaglege skal to av arbeida i faget leverast inn i eksamensmappa, saman med ein refleksjonstekst. For tofaglege skal eitt av arbeida i primærfaget i tillegg til arbeidet i sekundærfag leverast inn. |