HI201 Globalhistorie. Europa, Vesten og verden
Minimum 30 studiepoeng i historie grunnemne: Anten HI100/HI100N og/eller HI111/HI111N og/eller HI112/HI112N og /eller HI113/HI113N. Andre relevante fag kan bli vurderte etter søknad.
Føremålet med dette emnet er – i ei tid med sterkt aukande internasjonalt samkvem – å gi
- forståing for samfunnssystem og historiske utviklingsprosessar i ulike deler av verda
- kunnskap om relasjonane mellom ulike sivilisasjonar og regionar
Emnet konsentrerer seg om komparative studier av sivilisasjon og av «det europeiske mirakel»: «Europa var i utgangspunktet og primitivt, lite interessant og underutviklet hjørne av verden som stadig var utsatt for herjinger fra mektige naboer. Gradvis ble Europa omformet til et dynamisk, utviklet og skapende samfunn med politisk, kulturelt og økonomisk hegemoni over resten av verden» (Carlo Cipolla). Dette sitatet vil bli problematisert, og to grunnbøker (av David Landes og Robert M. Marks) med ulikt syn på den globale utviklinga frå 1400-talet og fram til om lag 2000 er sentrale i emnet. Grunnbøkene blir supplert med eit utval artiklar.
Emnet er delt inn i 10 tematiske tyngdepunkt, der mellom anna geografiske, demografiske og kulturelle trekk i ulike delar av verda blir drøfta, og om nokre kulturelle trekk er særeigne for (Vest-)Europa eller om dei er universelle. Europas ekspansjon i Amerika og Asia i tidleg moderne tid (1500-1800), den «industriøse» og den industrielle revolusjonen i Europa får stor plass. Det samme får Vestens geografiske, økonomiske og kulturelle ekspansjon på 1800- og 1900-talet, og dei ikkje-vestlege motkreftene mot denne dominansen. Den globale fattigdomsproblematikken, forholdet mellom land i «Nord» og land i «Sør» og kva verknader den nye «globaliseringa» har på verdssamfunnet vil også bli problematisert.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studentene følgde læringsutbytte etter fullført emne:
Studenter:
- har kunnskaper om framveksten av Europas og Vestens globale hegemoni, og dei ikkje-vestlege samfunna sine reaksjonar mot den vestlege dominansen
- har oversikt over ulike teorier om interne og eksterne årsaksfaktorer bak økonomisk utvikling/underutvikling
- har forståelse for ulike sider ved globalisering
Studenter:
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap for å svare på ei historisk problemstilling
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gitte tidsrammer
- kan kritiske reflektere over globalhistoriske framstillingar
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenter:
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelle vedtekne krav i høgare utdanning
Emnet er eit nettstudium. Det kan likevel bli gjeve tilbod om undervisning lokalt hvis det melder seg minimum åtte lokalstudentater.
Innhaldet i emnet blir formidla og utdjupa gjennom skriftlege nettleksjonar, som blir distribuert digitalt. Faglærarane har utarbeidd slike leksjonar til kvart tyngdepunkt.
All undervisning har elles som føresetnad at studentane på førehand set seg inn i det aktuelle temaet i pensumet, og førebur seg til dei problemstillingane som blir tatt opp.
All innlevering av oppgåveutkast mm skjer i eit digitalt læringsverktøy. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda at studentene er kjent med elementært internettbruk - navigering av nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir gitt innføringskurs i læringsverktøyet ved semesterstart, og det blir lagt ut detaljerte rettleiingar på nettet.
Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:
- Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang på minimum 3500 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
Prosessoppgåva skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå faglærar. Eksamensoppgåva skal ha eit omfang på om lag 4500 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift. Sjå under Vurdering. Detaljane i arbeidskrava (formelle krav til utforming mm) blir gitt i eige skriv. Arbeidskrav og del 1 av eksamen må gjennomførast i same semester. Arbeidskrav blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt element, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjent for at studentene skal kunne gå opp til eksamen.
Sensur blir utført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og Høgskulen i Volda § 9-4.
- Historie - årsstudium
- Historie - årsstudium (nettstudium, deltid)
- Historie - bachelor
- Historie - bachelor (nettstudium)
- Historie - fordjupningsstudium (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Eksamensoppgåva er endeleg versjon av prosessoppgåva, sjå under Arbeidskrav. Eksamensoppgåva skal leverast elektronisk i Inspera. Informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen. | Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt. | Ei eksamensoppgåve skal ha eit omfang på om lag 4500 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift. |
Heimeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Heimeeksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt. | 5 timar |