Vil gjere biblioteket til din andre heim

Den anerkjende arkitekten Aat Vos sparka i gang dei spreke planane for korleis høgskulebiblioteket kan bli. No har Høgskulen fått pengar frå Nasjonalbiblioteket for å fortsette arbeidet.

Biblioteket - fornying

Bibliotekleiar Mona Iren Auganæs og arkitekt Aat Vos arbeider tett saman for å få planane for biblioteket best mogleg.

Tekst: Diam esse humo illum mos quadrum turpis validus Distineo ibidem jugis molior probo. Blandit elit immitto obruo occuro sit utrum voco., Foto: Jonas Koezle

- Oppdatert

Del på:

Den anerkjende arkitekten Aat Vos sparka i gang dei spreke planane for korleis høgskulebiblioteket kan bli. No har Høgskulen fått pengar frå Nasjonalbiblioteket for å fortsette arbeidet.

I slutten av april gjesta den nederlandske arkitekten Aat Vos Høgskulen i Volda. Mannen som med suksess har teikna kjende bibliotek både i Noreg og elles i Europa, sette i gang gode tankeprosessar hos dei tilsette ved biblioteket. I løpet av to dagar med fruktbart gruppearbeid leia av Vos, kunne ein få eit inntrykk av korleis biblioteket ved Høgskulen kan bli sjåande ut i framtida.

Skisse biblioteket
Skisse av korleis biblioteket kan bli sjåande ut i framtida, teikna av arkitekt Aat Vos.

Store moglegheiter

Det var eit arbeid bibliotekleiar Mona Iren Auganæs sette i gang og fekk med seg sine kollegaer på. Auganæs tok til ved Høgskulen i november 2018 og hadde allereie då tankar om korleis biblioteket kan endrast. Ho var fram til da tilsett ved det kommunale biblioteket i Ulsteinvik, som var teikna av Vos og sto klart i starten av 2018. Det er ei suksesshistorie der innbyggarane har strøymt til biblioteket som aldri før og utlånet av bøker har skutt i veret.

Auganæs er heilt klart farga og inspirert av korleis ein har fått til eit så godt likt bibliotek i Ulsteinvik. Det er erfaringar ho og arkitekt Vos tek med seg i planlegginga av høgskulebiblioteket.

– Når ein ser kva ein har fått til i Ulsteinvik, er moglegheitene veldig store her. Her har vi også mykje meir areal å boltre oss på, påpeiker Auganæs.

Meir koseleg – mindre sterilt

Saman med sine kollegaer vart ho utfordra av Vos til å tenke nytt og ikkje binde seg fast i korleis biblioteket ser ut i dag. Med seg på laget har dei også hatt høgskulelektor Synnøve Amdam, som har vore med på å skrive søknadar for prosjektmidlar og tidlegare utvikla læringsverkstaden i biblioteket. – Eg har vore så imponert over staben i biblioteket som har kasta seg ut i det og vore positive og opne for å tenkje nytt. Vi er også glade for god hjelp og viktig engasjement frå Synnøve Amdam, seier Auganæs.

Bib
Inghild Remøy (f.v.), Geir Helge Nilsen og Synnøve Amdam i fruktbart gruppearbeid saman med andre bibliotektilsette.

Med Vos ved teiknebrettet og ideane frå dei tilsette, vart lesesalen riven, arealet utvida, og sitte- og arbeidsplassane langt fleire og i andre former enn i dag. Meir innbydande, kort og godt.

– Ved å dra Aat Vos inn i dette prosjektet betyr det at vi tek det «heilt ut». I staden for å flytte ei hylle her og der, tenker vi heilskap og startar heilt på nytt. Vi har gode brukarundersøkingar med oss inn i arbeidet, og dei tilsette ved biblioteket er klar for endringar. Vi ønskjer at det skal vere ei kjensle av å vere heime for dei som kjem hit. Gode sitteplassar der folk vil sette seg ned og bruke tid, som gjerne er ramma inn av golvteppe. Det skal ikkje vere så sterilt, men heller koseleg, seier Auganæs.

Det er ein tankegang hun deler med arkitekt Vos. Han trekker fram mennesket som det viktigaste, og set heile tida brukarane først.

– Folk skal kjenne tilhøyrsle og vil vere i biblioteket. Eg arbeider for folk og ikkje for arkitekturen sin del. Eg vil vere med på å lage eit betre liv for dei som skal bruke biblioteket. Det skal ikkje vere ein servicestasjon, men ein stad folk vil bruke tid, seier Vos

Rive veggar

Då han skisserte forslag til eit nytt bibliotek med ideane frå gruppearbeida som grunnlag, gjekk plutseleg bokhyllene langs veggar som i dag ikkje høyrer til biblioteket i dag. Heilt bevisst, sjølvsagt. Og heilt etter det dei tilsette ved biblioteket var med på.

– Biblioteket skal i framtida nødvendigvis ikkje vere innanfor dei veggane det er i dag. Vi har snakka med både Studentparlamentet og kantina som held til i 1. etasje i Berte Kanutte-huset om å kunne samarbeide. Vi vil vere med på å skape eit levande campus som er best mogleg for studentar og tilsette. Vi er ute etter synergieffektar og kanskje kan til dømes biblioteket og IT med lærlingane ha ein felles skranke, foreslår Auganæs.

Gruppearbeid2
Mona Iren Auganæs (f.v.), Elin Gundersen, Ragnhild Halsen og Olav Taklo Haugland jobbar mot og ønsker alle ei fornying av biblioteket.

Støtte frå Nasjonalbiblioteket

For det vidare arbeidet har Høgskulen fått 150 000 kroner frå Nasjonalbiblioteket, etter at ein søknad om pengar til eit forprosjekt blei innvilga.

– Vi skal lage ei moglegheitsstudie der vi arbeider vidare med det vi har starta på. Det vert spennande å sjå kva vi endar opp med, seier Auganæs.

Heile første etasje i Berte Kanutte-huset og biblioteket er ein del av Campusutviklingsplanen for Høgskulen. 

Del på: