Studer samfunn, planlegging og leiing i Volda!

Vil du ha mange bein å stå på i yrkeslivet, er dette eit smart studieval! Få kunnskap om samspelet mellom politikk, økonomi, offentlig leiing, sentrale rettsområde og samfunnsplanlegging som verktøy for ei berekraftig samfunnsutvikling. Du vil kvalifisere for eit breitt utval av yrke både i stat og kommune, privat næringsliv og frivillig sektor.

To unge studenter som går ute på campus i sommer og fint vær

Finn ei utdanning som passar deg!

Gode grunnar til å studere samfunnsutvikling, planlegging og leiing i Volda:

  • I løpet av utdanninga kan du velje å studere i utlandet. Vi har samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Australia, Belgia, Sør-Korea og USA.
  •  Studentane får arbeidsoppgåver som er praktisk retta, og arbeider ofte på oppdrag frå reelle oppdragsgivarar som kommunar eller bedrifter. 
  • Som student hos oss har du fleire valmoglegheiter. Du kan mellom anna velje praksisemne som gir både 15 og 30 studiepoeng.
  • Vi har gode samarbeid med praksisfeltet og får besøk av gjesteforelesarar på alle årstrinna i bacheloren.
  • Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet i verdas beste studiemiljø!