Utskrift og utskriftskvote
Informasjon om utskrifter ved HVO:
Aktivering av app
Denne Appen er for å logge på kopimaskinene og kan brukast i staden for tilsett-kortet og eller som eit tillegg.
NB. Denne prosessen gjeld berre fyrste gongen, dette er for å knytte Appen mot brukar.
Aktivering av App.
1. Last ned og installer Appen Kofax Business Connect frå din eigen mobil/nettbrettet.
2.Skriv inn denne URL: http://utskrift.hivolda.no/mobileserver i serveradressa -feltet eller
bruk denne QR-koda.
3.Logg på med ditt eige brukarnamn og passord. (Her skal du berre bruke brukarnamnet og ikkje ha med @stud.hivolda.no)
4. Appen er nå klar til bruk.
5.Hent utskrift/kopiering ; start appen og velg authenicate.
6. Legg mobilen nært den trådlause mottakaren på kopimaskina.
Utskrift frå eigen maskin
MyPrint er ein utskriftsportal for mobil enhet og påfylling av saldo for utskrift/kopiering.
Du finn tenesta her:
- Last opp fila du ønskjer å skrive ut, velg riktig instillingar og trykk på "Skriv ut"
- Gå til ein skrivar og hald student-kort eller Kofax Business Connect appen mot kortlesaren
- Vel «Følg meg utskrift» på skjermen
- Vel filene dine frå skrivarkøa og skriv dei ut
Utskrift frå HVO-datamaskiner
Skriv ut filene dine til skrivaren «HVO-KOFAXCS-02»
- Gå til ein skrivar og hald student-kort eller Kofax Business Connect appen mot kortlesaren
- Vel «Følg meg utskrift» på skjermen
- Vel filene dine frå skrivarkøa og skriv dei ut
Påfylling av saldo for utskrift/kopiering
MyPrint er ein utskriftsportal for mobil enhet og påfylling av saldo for utskrift/kopiering.
Du finn tenesta her:
- Velg "kjøp kreditt"
- Velg beløp
- Trykk betal
- Legg inn betalingsinformasjon
Aktivering av kort
Dersom du ikkje ønskjer å bruke Kofax-appen, kan du bruke studentkortet ditt.
For å kunne ta i bruk utskrift må kortet ditt aktiverast fyrst. Dette må kun gjerast fyrste gong du skal ta i bruk skrivarane på HVO. (Dersom du brukar appen, treng du ikkje å aktivere kortet)
Aktivering av student-kortet
- Hald kortet mot kortlesaren på skrivaren
- Skriv inn ditt brukarnamn og passord (FEIDE-pålogging) og trykk på den blå knappen nede til høgre «Innlogging» (Bilete til venstre)
Når dette er gjort, er kortet aktivert og klart til bruk på utskrift-systemet.
Prisar
Svart/hvit, A4, enkelsidig 0,60 kr/ark
Svart/hvit, A4, dobbelsidig 1,00 kr/ark
Svart/hvit, A3, enkelsidig 1,20 kr/ark
Svart/hvit, A3, dobbelsidig 2,00 kr/ark
Farge, A4, enkelsidig 1,20 kr/ark
Farge, A4, dobbeltsidig 2,20 kr/ark
Farge, A3, enkeltsidig 2,40 kr/ark
Farge, A3, dobbeltsidig 4,40 kr/ark
Alle priser er i norske kroner og er inkl. mva. Prisene gjelder både utskrift og kopiering. Det er ikkje mogleg å få igjen pengane etter at de er satt over til din utskriftskonto. Dette gjelder også om du sluttar ved HVO. Du kan overføre saldoen din til andre studentar ved å sende e-post til [email protected].