Studiestart 2014
Stortingsrepresentant og tidlegare student Fredric Holen Bjørdal haldt opningstalen ved studiestart 19. august.
VOLDA blir lagt merke til
Bjørdal fremma at den faglege kvaliteten ved høgskulen og det gode studiemiljøet kombinert med naturopplevingane er eit tilbod utanom det vanlege.
─Her har ein utdanna landets beste lærarar i over 150 år, leverer klassejournalistar til riksmedia på laupande band, er knallgode på animasjon, sosialfag, samfunnsplanlegging, nynorsk og kreative fag – berre for å nemne noko. Forskingsmiljøet er no også blitt så godt, at ein har fått lov til å starte opp med doktorgradsstudium. Dette blir lagt merke til, sa Bjørdal.
Rektor Per Halse ønska gjestar, studentar og kollegaer velkomne til eit nytt akademisk år ved Høgskulen i Volda.
Over 1000 nye studentar
Høgskulen ønskjer i år over 1000 nye studentar velkommen.
─ De har kome til ein internasjonal høgskule. Fleire enn 80 av dei nye studentane kjem frå utlandet, frå så vidt eg veit 24 land. Eg ser fram til eit interessant år, og eg håpar vi alle - studentar, tilsette og lokalsamfunnet - vil finne gode måtar å samarbeide for å forbetre kvaliteten på det vi gjer her, sa rektor Per Halse.
Tidlegare musikkstudent Eirik Sognnes spelte «Lun sommarvind», sin eigen singel «Fredag» og til allsang av «Nordmannen» av Ivar Aasen.
Etter opningsseremonien stod studentfadrane klare for å ta med studentane til orientering på utdanningane.