EU har vedtatt Erasmus+

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

fd9d22a8ca408086e524e194ec1d0f6f352f14c4
Erasmus-studentar ved høgskulen. 

Erasmus + er ei samanslåing av alle utdanningsprogramma i EU, deriblant Erasmus, Comenus, Leonardo Da Vinci og Grundtvig. Samanslåinga vil tre i kraft frå januar 2014. I tillegg til EU sine utdanningsprogram vil program for høgare utdanning som rettar seg mot land utanfor Europa inkluderast. Sidan desse programma ikkje omfattar EØS-avtalen har ikkje Noreg hatt mogelegheit til å delta i desse før. Noreg vil gjennom Erasmus+ vere eit fullverdig medlem i alle utdanningsaktivitetane og norske utdanningsinstitusjonar vil delta saman med institusjonar i land som Canada, Japan og USA. 

Les meir på Senter for internasjonalisering av utdanning sine sider. 

Del på