Internasjonal dag
Internasjonal dag 2018 – Høgskulen i Volda
Onsdag 7. februar blir det Internasjonal dag med eit spanande program spekka med musikk, fargerike stands, spanande gjestar og gratis internasjonal mat i kantina i Berte Kanutte-huset frå kl. 11:00.
Internasjonal dag arrangerast kvart år for å synleggjere internasjonalisering ved høgskulen, informere om utveksling og styrke partnarskap med universitet i heile verda. Til arrangementet i år kjem gjestar frå HVO sine partnaruniversitet i Russland, USA, Storbritannia, Danmark, Nederland, Tsjekkia og mange fleire.
Program for dagen:
11:00 Messeområdet opnar.
11:30 Offisiell opning med Pro-Rektor og song ved Høgskulekoret.
Utvekslingsmesse med stands for land og partnaruniversitet.
Annonsering av studentkonkurranse.
12:00 Ope foredrag med årets hovudgjest Becky Bakr Abdulla:
"From Volda to Fallujah - and back"
13:15 Gratis internasjonal lunsj.
14:15 Avslutning og trekking av vinnarar av studentkonkurransen.
Becky Bakr Abdulla fullførte ein bachelorgrad i PR/Kommunikasjon ved HVO i 2014. I dag er ho medierådgjevar i Flyktningehjelpen. I jobben reiser ho rundt til kriser og konfliktområder der ho prøver å setje søkjelyset mot dei mange som vert tvinga på flukt. Becky fortel om si spanande og inspirerande reise frå Volda til Fallujah og tilbake. |