Eit prosjekt for betre kjønnsbalanse og meir mangfald ved Høgskulen i Volda (HVO) har fått 1 million kroner frå Forskingsrådet. – No kan vi vidareføre eit viktig og effektivt arbeid ved høgskulen, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.
Professor Marie Nedregotten Sørbø vil provosere tradisjonelle litteraturhistorikarar med forskinga si. – Ein må finne ein annan måte å skrive kulturhistorie på. Den blir basert på nokre få utvalde store menn. Den gir ikkje eit rett bilete av kvinner i fortida. Det er ikkje bra nok.