Som nyutdanna vil det vere gull verdt å kunne vise til arbeid ein har gjort i studie og i praksis. Derfor er det veldig viktig at ein får relevant arbeidserfaring frå ein praksisplass som ein kan fylle CV'en med. Ved Høgskulen i Volda er ein garantert praksisplass. Praksisen er med på å avslutte studiet deira, forberede dei på arbeidslivet og kanskje knytte nokon kontakter som kan være viktige for å få seg jobb, seier Kate Kartveit, dekan ved Avdeling for Mediefag (AMF).