Undervisning og læring, fordjuping matematikk - erfaringsbasert

Mastergrad

Den erfaringsbaserte mastergraden er retta mot lærarar som har 60 studiepoeng i matematikk, og som ønskjer å oppnå lektorkompetanse.

Utdanninga er profesjonsretta, og det er lagt opp til at studentane skal sjå praksiserfaringane sine opp imot aktuell fagteori og forsking. Fordjupingsfaget blir også sett i ein historisk og samfunnsmessig samanheng. Studiet gir kompetanse for å kunne tilpasse opplæringa i matematikk til ei mangfaldig elevgruppe.  

Undervisninga er lagt til høgskulen ein til to dagar i veka.

  • Deltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 90 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning, 60 studiepoeng i matematikk med snittkarakter C og
    minimum to års relevant yrkespraksis.
     

  • Studieplan

Studieinnhald

Fordjupinga består av 3 emne på 15 studiepoeng. Samla sett utgjer desse emna den faglege profilen til fordjupingsfaget. Profilen til dei enkelte faglege fordjupingane er skildra i introduksjonen til emneplanane. Emna er forskingsbaserte som betyr at studentane møter lærestoff med perspektiv på både metode og vitskapsteori gjennom heile studiet.

I tillegg er vitskapsteori og metode eit eige emne på 15 studiepoeng. Emnet skal gi studentane innføring i vitskapsteori og metode som dannar grunnlag for å gjennomføre eit forskingsarbeid på masternivå. 

Masteroppgåva på 30 studiepoeng avsluttar studiet. Studentane skal planlegge og gjennomføre eit individuelt og sjølvstendig vitskapleg arbeid og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagt til Høgskulen i Volda og er dialogbasert og forskingsbasert.

Studentane skal arbeide i grupper, arbeide med ulike arbeidskrav, oppgåveskriving, litteraturstudium, feltarbeid/datainnsamling og rettleiing.

Det vil bli arrangert eit oppstartsseminar, midtvegsseminar og sluttseminar knytt til arbeid med masteroppgåva.

Aktuelle yrke og vidare studium

Den erfaringsbaserte mastergraden er retta mot lærarar som har 60 studiepoeng i matematikk, og som ønskjer å oppnå lektorkompetanse.

Studentane får kompetanse i tilpassa opplæringa i matematikk for å kunne tilrettelegge undervisninga til ei mangfaldig elevgruppe. 

Studieplan

Undervisning og læring, spesialisering i norsk, matematikk, samfunnsfag eller engelsk - erfaringsbasert master (deltid)

Studieprogram: 
Undervisning og læring - erfaringsbasert master (deltid)
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
90
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
40
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning, 60 studiepoeng i fordjupingsfaget med snittkarakter C og minimum to års relevant yrkespraksis.
 

Om studiet

Høgskulen i Volda skal utdanne og vidareutdanne dyktige og reflekterte lærarar som skal kunne legge til rette for gode læringsmiljø. Utdanninga er på 90 studiepoeng, går over seks semester og vil følgje same undervising som masterstudentane på grunnskolelærarutdanninga.

Studiet har fire ulike faglege fordjupingar – i norsk, engelsk, matematikk og samfunnsfag. Dette er store og viktige skulefag, og kompetanse i desse faga er etterspurt i skulen.

Studiet er profesjonsretta, og det er lagt opp til at studentane skal sjå praksiserfaringane sine opp imot aktuell fagteori og forsking. Utdanninga tek utgangspunkt i gjeldande læreplanverk, og det vert lagt vekt på å gi studentane kunnskap om korleis fordjupingsfaget har utvikla seg over tid – og framleis er i endring. Fordjupingsfaget vil bli sett i ein historisk og samfunnsmessig samanheng, og studentane skal utvikle evne til kritisk fagrefleksjon og profesjonsforståing.

Dei ulike fordjupingane består av 3 emne på 15 studiepoeng. Samla sett utgjer desse emna den faglege profilen til fordjupingsfaget. Profilen til dei enkelte faglege fordjupingane er skildra i introduksjonen til emneplanane. Alle desse emna er forskingsbaserte, og det betyr at studentane møter lærestoff med perspektiv på både metode og vitskapsteori gjennom heile studiet.

I tillegg møter ein vitskapsteori og metode som eit eige emne på 15 studiepoeng. Her får studentane ei avansert innføring i vitskapsteori og metode som skal gi grunnlag for å gjennomføre eit forskingsarbeid på masternivå. 

Masteroppgåva på 30 studiepoeng avsluttar studiet. Studentane skal planlegge og gjennomføre eit individuelt og sjølvstendig vitskapleg arbeid og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling. Oppgåva skal ha ein klar relevans for grunnskulen med kunnskapsgrunnlag henta frå fordjupingsfaget. Arbeidet med masteroppgåva stiller høge krav til metode og forskingsetikk, og studentane vidareutviklar den metodiske spisskompetansen dei treng gjennom dette arbeidet.

Studieprogrammet kvalifiserer ikkje til opptak til doktorgradsutdanning. 

Fagovergripande tema i studiet

Uavhengig av val av fordjupingsfag vil studentane møte ein del fagovergripande tema. Dette gjeld:

  • Tilpassa opplæring: Rett til tilpassa opplæring er forankra i Opplæringslova. Tilpassa opplæring er kjenneteikna av variasjon, for eksempel gjennom arbeidsoppgåver, lærestoff, intensitet i opplæringa, organisering av opplæringa, læremiddel og arbeidsmåtar. Gjennom studiet skal studentane få avansert kunnskap om korleis ein kan tilpasse opplæringa i fordjupingsfaget til ei mangfaldig elevgruppe.
  • Vurdering: Studentane skal utvikle vurderingskompetanse i fordjupingsfaget som omfattar bruk av arbeidsmåtar (metodar), vurderingsformer, utvikling av fagspråk om vurdering og kompetanse til å sjå samanheng mellom kompetansemål i læreplanar og vurdering i det enkelte fag.
  • Grunnleggande ferdigheiter: Grunnleggande ferdigheiter er blitt sentralt i norsk skule. Innføringa av grunnleggande ferdigheiter byggjer på innsikter om at opplæring i fag handlar om å få opplæring i tekstkulturen og språket som særmerkjer faget. Studentane skal utvikle avansert kunnskap om korleis dei grunnleggande ferdigheitene er relevante for sitt fordjupingsfag.
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse: Ein del av Høgskulen i Volda sin profil når det gjeld lærarutdanningane, er vektlegging av profesjonsfagleg digital kompetanse. Høgskulen er aktiv i to ulike forskingsprosjekt som handlar om dette – DigiHand og DigiGLU. Gjennom studiet vil studentane møte forskarar og fagpersonar som er aktive i desse prosjekta, og som kan knyte digitalisering til det enkelte fordjupingsfag.
Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

  • har avansert kunnskap i eitt av faga norsk, matematikk, samfunnsfag eller engelsk. 
  • har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåva) 
  • har inngåande kunnskap om relevant forsking og teori, vitskaplege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk 
  • har inngåande kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, og om overgangen frå barnesteg til ungdomssteg og frå ungdomssteg til vidaregåande opplæring 
  • har inngåande kunnskap om vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter, vurderings- og prøvesystem og vurdering av elevane si læring og kva som fremmer læring i faga 
  • har brei kunnskap om lærarprofesjonen og fordjupingsfaget sin eigenart og historie
Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere, tilpasse og bruke gjeldande lærarplanar 
  • kan analysere, vurdere og dokumentere elevane si læring, gi læringsfremmande tilbakemeldingar, tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader og behov, og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og utvikling 
  • kan vurdere og bruke relevante læremiddel, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter 
  • kan analysere og forhalde seg kritisk til nasjonal og internasjonal forsking og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvinga 
  • kan bruke relevante metodar frå forskings- og utviklingsarbeid, åleine og i samarbeid med andre, for kontinuerleg utvikling av eigen og skulen sin kollektive praksis, og gjennomføre avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing 
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid 
  • kan formidle og kommunisere på eit avansert nivå faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga, og har profesjonsfagleg digital kompetanse 
  • kan analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar og bidra til utvikling av fagleg fellesskap på den enkelte skule 
  • kan bidra til innovasjonsprosessar knytt til skulen si verksemd 
Organisering og arbeidsmåtar

Det organiserte læringsarbeidet vil gå føre seg på campus i Volda. Studentane vil møte varierte arbeidsmåtar gjennom studiet, mellom anna

  • Dialogbasert og forskingsbasert undervisning
  • Seminar der studentane er aktive
  • Arbeid i grupper
  • Arbeid med ulike arbeidskrav
  • Oppgåveskriving
  • Rettleiing 
  • Oppstartsseminar, midtvegsseminar og sluttseminar knytt til arbeidet med masteroppgåva
  • Litteraturstudium
  • Feltarbeid/datainnsamling.

På eit mastergradsstudium vil ein vesentleg arbeidsmåte vere knytt til individuell oppgåveskriving med rettleiing. Det krev sjølvstende og sjølvdisiplin å gjennomføre eit slikt studium, og særleg gjeld dette arbeidet med masteroppgåva.

Undervisning og læring, spesialisering i norsk - erfaringsbasert master (deltid)
Navn: 
Undervisning og læring, spesialisering i norsk - erfaringsbasert master (deltid)
Undervisning og læring, spesialisering i matematikk - erfaringsbasert master (deltid)
Navn: 
Undervisning og læring, spesialisering i matematikk - erfaringsbasert master (deltid)
Undervisning og læring, spesialisering i samfunnsfag - erfaringsbasert master (deltid)
Navn: 
Undervisning og læring, spesialisering i samfunnsfag - erfaringsbasert master (deltid)
Undervisning og læring, spesialisering i engelsk - erfaringsbasert master (deltid)
Navn: 
Undervisning og læring, spesialisering i engelsk - erfaringsbasert master (deltid)
Ansvarleg
Eivind Patrick Hanevik
  • Deltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 90 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning, 60 studiepoeng i matematikk med snittkarakter C og
    minimum to års relevant yrkespraksis.
     

  • Studieplan
Stengt for søking!

Søknadskode : 4533

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post