Tre - tradisjon og fornying
Vidareutdanning (bachelornivå)
Tre - tradisjon og fornying er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, men er også tilgjengeleg for eksterne søkjarar. Gjennom kreative prosessar, problemløysing og produktutvikling, vert det utvikla materialforståing og design- og bearbeidingskompetanse innan materialområdet tre.
- Deltid
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2024 -
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet er hovudsakleg konsentrert om praktisk skapande arbeid med ulike bruksformer i tre. Handverk og design vil vere sentrale studie- og referanseområde.
Undervisninga er lagt opp med innføringsblokker i ulike teknikkar og tema, med ein kombinasjon av digitale læringsløyper og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Arbeidet vil bli gjennomført individuelt og i grupper, og kan vere både lærar- og studentstyrt.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet er eit obligatorisk emne i Bachelor i design, kunst og handverk, og vil bli godskrive for dei som ønskjer å fullføre denne graden.
Studiet er også aktuelt for lærarar i skulen som ynskjer eit etter- og vidareutdanningstilbod knytt til trearbeid og treverkstad.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Studiet er eit enkeltemne på 15 stp. og ein må rekne med to undervisningsdagar i veka på det jamne.
Undervisningsdagar hausten 24 er måndag og torsdag.
Oppstart hausten 2024 er tysdag 20. august. Undervisninga i emnet startar opp måndag 26.08 kl 09.00 på Treverkstaden på Kaarstad.
- Deltid
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2024 -
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Søknadskode : 3446