Teater og drama
Bachelorgrad
Er du kreativ og trivst med praktisk arbeid saman med andre? Har du ein draum om å uttrykke deg som scenekunstar? Då kan reisa di starte hos oss.
Bachelor i teater og drama er ei breiddeutdanning med seks emne i teaterproduksjon med ulike fokus. Vidare har studiet undervisning i teaterkunnskap, spel for kamera og voice acting. Siste semesteret vel du eit fagområde du vil fordjupe deg i gjennom kunstbasert forsking, og skapar di eige framsyning.
Alle studentar tek del i ei rekkje bransjedagar, felles grunnlagstrening, arbeidslivsrelevante prosjekt samt ”Husteater”. Prosjekta testar og utviklar studentane sine kreative og handverksmessige evner, i tillegg til samarbeidsevne.
Lærarane ved studiet har alle eit bein i praksisfeltet, som utøvande skodespelarar, forteljarar, dramatikarar og scenografar/lysdesignarar, noko som gir deg som student mange moglegheiter til å finpusse ferdigheitene dine.
Vi har som mål å gje deg ei arbeidslivsrelevant utdanning og har difor etablert samarbeid med mange lokale, nasjonale og internasjonale institusjonar. Vi reiser og på fleire studieturar og opplev teater saman.
Høgskulen har eigne teaterlokale med blackbox og whitebox, kostyme- og scenografilager, eige lydstudio og verkstad.
MERK! Regjeringa går no inn for å forlenge unntaket frå krav om mastergrad for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), for søkarar med bachelor i praktiske og estetiske fag, fram til 2030. Du kan då bygge på bachelorgraden med PPU om du ønskjer undervisningskompetanse i skulen.
Følg oss gjerne på Facebook, Instagram eller TikTok!
- Heiltid
- Varigheit 6 semester (3 år)
- 180 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse og godkjent opptaksprøve (motivasjonssøknad). Søkjarane får orientering i eige brev. Motivasjonssøknadene blir vurderte av ein fagkomité. Godkjende søkjarar konkurrerer på grunnlag av konkurransepoeng.
- Studieplan
Praksis og utveksling i utlandet
Det vert lagt til rette for utanlandsopphald på eit semester ved institusjonar i Norden, Europa, Amerika, Asia, Afrika eller Australia.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, med m.a. seminar, workshops, prosjektarbeid, framføringar, teaterproduksjonar, sjølvsstudium, gruppearbeid og rettleiing.
Aktuelle yrke og vidare studium
Teater og dramastudiet gir grunnlag for arbeid som:
- Scenekunstnar i det frie kulturlivet
- Teaterpedagog/Kulturskulelærar
- Forteljar
- Museumsformidlar
- Manusforfattar
- Stemmeskodespelar
- Filmskodespelar
Fullført bachelorgrad kvalifiserer for opptak på Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) som gir deg undervisningskompetanse i skulen.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Hjertelig velkommen som student hos oss!
Vi møtes i vår teatersal Stanislavskji tirsdag 20. august, rett etter at den felles studieåpningen er ferdig. Stanislavskji-salen ligger i kjelleren på bygget som heter Kårstad. Her skal vi bli litt kjent og presentere studiet og lærerne litt bedre.
Timeplanen for førsteklasse resten av studiestartsuka:
Onsdag 21.august, kl. 11.00-12.00:
Gratis felles frokost for alle studenter og ansatte på Avdeling for kulturfag.
Onsdag 21.august, kl. 12-14:
Oppstart åpningsprosjekt Fra elev til scenekunstner
Torsdag 22.august, kl. 09.30-14.00: Arbeid med åpningsprosjektet
Fredag 23.august, kl. 09.30-14.00: Arbeid med åpningsprosjektet + Visning
NB! Studietur til Oslo 4.-6 september
Det vil bli en felles studietur for alle tre klassetrinnene på teaterstudiet, til Oslo 4.-6. september. Vi møtes i Oslo kl.12.00 onsdag 4. september og turen avsluttes sent fredag kveld den 6. september. Turen er både faglig meget relevant, og en god måte å bli kjent med hverandre på.
Studieturen er obligatorisk for alle teaterstudentene. Dere er selv ansvarlige for å komme dere til Oslo, så reisen må dere ordne selv. Instituttet har bestilt rom på et vandrehjem i Oslo for alle studentene. Studentene må dekke reise, overnatting og mat, i tillegg til en utgift på ca. 1000,- til teaterbilletter.
Dersom du har generelle spørsmål om studiet eller studietur ta kontakt:
Studieprogramleder: Hege Holmqvist Synnes, e-post: [email protected]
Studieplan
Teater og drama - bachelor
Ønskjer du å sjå, spele, skape og nytte teater i ulike samanhenger, og med ulike målgrupper? Da kan reisa di starte hos oss. Bachelor i teater og drama vil gje deg erfaring med m.a. teaterproduksjon, filmskodespel, manusutvikling, anvendt teater, forteljarkunst og voice acting. Studentane utdannes til sjølvstendige, skapande scenekunstnarar, som gjennom arbeid i ensembler og åleine, utvikler sine personlege uttrykk og kreativitet.
Teater og dramastudiet gir grunnlag for arbeid som:
- Scenekunstnar i det frie kulturlivet
- Teaterpedagog/Kulturskulelærar
- Forteljar
- Manusforfattar
- Stemmeskodespelar
- Filmskodespelar
Om du ønskjer undervisningskompetanse i skuleverket, må du byggje på med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studiet dannar grunnlag for vidare mastergradsstudium i drama og teater.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har kunnskap om sentrale teaterfaglege metodar, verkty og prosessar
- har kunnskap om utvalde teaterfaglege retningar og teaterfornyarar
- har kunnskap om sentrale teaterfaglege teoriar og problemstillingar på ulike arenaer
- har kunnskap om utvalde retningar innan manusutvikling, stemme- og filmskodespel
- har kunnskap om eit bredt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media
- kunnskap om utvalde retningar innan vitskapsteori og metode
Studenten
- har ferdigheiter i utvalde skodespelteknikkar i ulike media og uttryktformer.
- kan nytte teaterkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, og analysere relevante kunstnarlege uttrykk
- kan nytte teaterkunnskapar og metodar på faglege og samfunnsmessige arenaer, og grunngje vala sine
- kan planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg åleine og saman med andre
- kan nytte teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer til kunstnarleg formidling for ulike målgrupper
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere varierte arbeidsoppgåver og prosjekt, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan formidle fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre teaterfaglege uttrykksformer
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
- kan reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretisk og praktiske oppgåver
a) Arbeids- og undervisingsformene
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og workshops
- praktisk undervisning og øvingar
- framsyningar
- regiarbeid
- studioarbeid
- innspelingar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
- førelesingar
Det er lagt inn studiereise(r) i løpet av studiet, til eigen kostnad. Alternativt opplegg etter søknad.
b) Progresjon
For å oppnå bachelorgrad må studenten ha til saman 180 studiepoeng. Teater- og dramastudiet har 135 obligatoriske studiepoeng. Resterande 45 studiepoeng er valbare.
4.semester er mogleg utreisesemester for studentane i bachelorløpet.
Studentar som har teke teater og drama frå andre høgskular/universitet kan få dette godskrive som del av graden etter søknad.
Emna i første studieår tilsvarar Teater og drama - årsstudium. Studentar som har fullført årsstudiet kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist, og ta direkte til på andre studieår.
c) Frammøte
All undervisning er obligatorisk, og krev aktiv deltaking. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
d) Vurderingsformer
Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer:
- Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
- Teaterproduksjonar
- Forteljar framsyning
- Manusarbeid
- Analysar
- Munnlege samtalar
- Lydfiler og filmer
- Føredrag
- Seminar/workshops
- Bacheloroppgåve og kunstnarleg utviklingsarbeid
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. Bachelorgraden på 180 studiepoeng er fordelt over tre år med 60 studiepoeng per år. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.
Emne | 2024 Haust | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår | 2026 Haust | 2027 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
15 | ||||||
15 | ||||||
Valemne 30 studiepoeng våren 2025: | 30 | |||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
30 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
a) Utstyr
Studentane må
- ha hensiktsmessige klede (svarte ledige bukser og topp) og innesko
- ha eigen bærbar PC/MAC eller nettbrett.
b) Ferdigheiter
Ved teaterstudiet i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig.
Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev aktiv deltaking, medansvar og evne til samarbeid.
Arbeidet i studiet er i stor grad fysisk, og god kontroll over eigen kropp er ein føresetnad.
Ulike arbeidskrav kan innehalde opphald i ulike praksisfelt som td. teatre, skule, aldersheim eller anna. Omfanget vil variere.
Studiet legg opp til utlandsopphald i 4. semester ved eit av våre partnaruniversitet.
Utlandsopphaldet kan evt. erstattast av 2 valfrie emner i teater og drama, eller støttefag.
- Heiltid
- Varigheit 6 semester (3 år)
- 180 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse og godkjent opptaksprøve (motivasjonssøknad). Søkjarane får orientering i eige brev. Motivasjonssøknadene blir vurderte av ein fagkomité. Godkjende søkjarar konkurrerer på grunnlag av konkurransepoeng.
- Studieplan
Søknadskode : 223 439