Programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisninga
Gjennom denne vidareutdanninga er målet å bidra til at studentane kan vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å bruke programmering og digitale verktøy i matematikkundervisinga.
Gjennom denne vidareutdanninga er målet å bidra til at studentane kan vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å bruke programmering og digitale verktøy i matematikkundervisinga.
Studentane skal mellom anna få kompetanse til å vurdere korleis ulike digitale verktøy på best mogleg måte kan brukast i undervisninga. Endringar i matematikkfaget sett i høve til den digitale utviklinga og kva kompetanse ein matematikklærar treng, er også ein viktig del av studiet.
Studiet har ei studieavgift på kr 5 000, i tillegg til semesteravgift.
Innblikk i studiekvardagen
Høgskulen i Volda tilbyr no ei heilt ny vidareutdanning på 15 studiepoeng for matematikklærarar som i større grad ønsker å ta i bruk digitale verktøy i undervisninga.
Vis mer
Høgskulen i Volda tilbyr no ei heilt ny vidareutdanning på 15 studiepoeng for matematikklærarar som i større grad ønsker å ta i bruk digitale verktøy i undervisninga.
Mange ønsker å ta i bruk ny teknologi i matematikktimane
– Mange skular har fått Ipadar eller berbare PC-ar. Vi er opptekne av at desse skal brukast på ein god måte i matematikkundervisninga, seier Odd Helge Mjellem Tonheim ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Han er ein av dei som skal undervise studentane på vidareutdanninga. – Vi veit det er mange dyktige lærarar i matematikk som ønsker å bli enno betre på bruke ny teknologi i matematikktimane. Gjennom denne vidareutdanninga vil dei få gode høve til å utvikle si digitale kompetanse i matematikkundervisninga, seier han.
Refleksjon rundt bruken av digitale verktøy i undervisninga
Vidareutdanninga startar opp i oktober og vert avslutta med eksamen i april. Gjennom studieåret skal studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å bruke digitale verktøy i matematikkundervisinga, og studentane skal få utvida kompetanse i kritisk refleksjon over korleis, kvifor og når bruke digitale verktøy i undervisninga. Refleksjonen vil mellom anna vere basert på vurderingar av kva fordelar og ulemper ulike digitale verktøy har.
Vurdere korleis teknologien vil endre matematikkfaget
Ingeborg Berget, som også skal undervise på kurset, legg vekt på at det er store moglegheiter i å bruke teknologien til å lære matematikk, men at matematikkfaget også vert endra på grunn av teknologiutviklinga. – I undervisninga vil vi både vektlegge å bruke teknologi som reiskap for at elevane skal lære meir matematikk, men vil også vurdere korleis teknologien vil endre matematikkfaget, seier ho.
Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng i matematikk.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er nettbasert, bortsett frå ei obligatorisk samling i Volda. Kvar nettleksjon vert avslutta med ei lita innleveringsoppgåve knytt til dei temaa vi arbeidar med. Dette kan mellom anna vere ein liten videosnutt der ein løyser ei oppgåve med digitale hjelpemiddel, eit skjermbilete med forklaring eller ein kort refleksjon.
Arbeidsoppgåver vil bli relatert til praktisk bruk av digitale verktøy i matematikkfaget i skulen. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer.
Studiet startar i månadsskiftet september/oktober, og har eksamensinnlevering i løpet av april.
Eksamen: Studenten skal levere ei vurderingsmappe med tre refleksjonsoppgåver (levert inn og fått rettleiing undervegs i studiet) saman med ein presentasjonstekst. I presentasjonsteksta på om lag 1000 ord skal studenten presentere refleksjonsoppgåvene og arbeidet med desse.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet er svært aktuelt for lærarar innanfor matematikkfaget, og er retta mot praktisk bruk av programmering og andre digitale verktøy i undervisninga.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Studieåret 2024-2025 er samlinga i Volda planlagt til desse datoane:
Programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisninga (nett- og samlingsbasert)
Studieprogram:
Programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisninga (nett- og samlingsbasert)
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng:
15
Studielengd:
2 semester
Kull:
2024
Studieplassar:
20
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng matematikk.
Om studiet
Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å bruke programmering og digitale verktøy i matematikkundervisinga. Emnet gjev studentane kompetanse i kritisk refleksjon over korleis, kvifor og når bruke ulike digitale verktøy i undervisninga. I emnet vil studentane også utvikle kompetanse i å reflektere rundt endringar i matematikkfaget som konsekvens av digital utvikling, og kva kompetanse ein matematikklærar treng i dag og i framtida.
Læringsutbytte
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kunnskapar
Studenten
har brei kunnskap om pedagogisk bruk av digitale verktøy i matematikkundervisninga som fremjar læring
har undervisningskunnskap om, og i bruk av GeoGebra og rekneark i matematikkopplæringa i grunnskulen
har kjennskap til og undervisingskompetanse i digitale ressursar som kan fremje læring i matematikk, og kan vurdere desse mot kvarandre
har kjennskap til og undervisningskompetanse om algoritmisk tenking i matematikkopplæringa i grunnskulen
Ferdigheiter
Studenten
kan anvende kunnskap i bruk av eit utval digitale verktøy i matematikkundervisninga
kan bidra i lokalt læreplanarbeid med integrering av programmering og andre digitale verktøy og ressursar i undervisninga
kan bruke programmering og andre digitale verktøy og ressursar som reiskap for å tilrettelegge undervisninga
kan ta i bruk programmering og andre digitale verktøy og ressursar i vurdering av elevane sitt læringsutbytte
kan bruke programmering og algoritmisk tenking i matematikkundervisninga
Generell kompetanse
Studenten skal
kunne delta og bidra i lokalt utviklingsarbeid knytt til digital matematikkundervisning og utvikle matematikklæraren sin praksis i bruk av programmering og digitale verktøy i undervisinga
utvikle haldningar til, forståing for og refleksjon over bruken av programmering og digitale verktøy i matematikk
Organisering og arbeidsmåtar
Emnet er nettbasert med ei obligatorisk samling i Volda (på to dagar). (Jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen. Nettleksjonane vert gitt i høgskulen si gjeldande læringsplattform (per i dag Canvas).
Emnet i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisninga (nett- og samlingsbasert)
Navn:
Programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisninga (nett- og samlingsbasert)