Offentleg leiing og kommunikasjon
Vidareutdanning (masternivå)
Vidareutdanninga på masternivå er spesielt eigna for leiarar av resultateiningar og avdelingar, i tillegg til topp- og mellomleiarar i kommunar, fylkeskommunar og stat.
- Deltid, Samlingar
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start vårSøknadsperiode 01.11.2024 -
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
- Opptakskrav
180 stp høgare utdanning
Studieinnhald
I studieprogrammet blir moderniseringa av offentlig sektor sett i lys av fleire perspektiv og nyare forsking med sikte på å gjere studentane til reflekterte leiarar med kompetanse til tolke og analysere eigen situasjon. Dei skal mellom anna utvikle kompetanse til å analysere og forstå utviklingstrekka og utfordringane i offentleg sektor, og få kunnskap om perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for offentleg organisering og leiing. Les meir i emneplanen her.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er samlingsbasert og lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering og for framlegging i klassa.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet kan gjennomførast som frittståande vidareutdanning eller det kan inngå som obligatorisk del av master i Samfunnsplanlegging og leiing og som valfri del i master i Helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Samlingar vår 2024: veke 1, 6 og 12. Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med fire undervisningsdagar + ein studiedag:
- måndagar - studiedag (sjølvstudium), alle vekene.
- tysdagar - digitalt i veke 1 og 6,
- onsdag, torsdag og fredag - undervisning på Høgskulen i Volda i veke 1 og 6.
- tysdag, onsdag og torsdag - undervisning på Høgskulen i Volda i veke 12.
- fredag - digitalt i veke 12.
- all undervisning frå kl. 09:00 - 15:30
Fyrste undervisningsdag: tysdag 2. januar (09:00-15:30) digital
Andre undervisningsdag: onsdag 3. januar kl. 09:15, på læringsrommet HS220 - Granskinga.
- Deltid, Samlingar
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start vårSøknadsperiode 01.11.2024 -
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
- Opptakskrav
180 stp høgare utdanning
Søknadskode : 4341