Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
Musikk 1, 1. - 10. trinn
Vil du utvikle deg musikalsk og få kompetanse i undervisningsfaget musikk? Her lærer du å leie samspel med song og bandinstrument, nytte ulike former for musikknotasjon, lage og arrangere musikk med musikkteknologi, sette opp og styre lyd på konsertar og leie tverrfaglege kreative prosessar.
Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå:
01.02.2025 - 15.04.2025
Det er lagt opp til ei tett kopling mellom utvikling av fagdidaktisk og praktisk-teoretisk kompetanse. Gjennom heile studiet vil du få relevante oppgåver som du gjennomfører på eigen skule.
Målgruppa er primært lærarar i grunnskulen og i kulturskulen, og utdanninga er delvis differensiert for 1. til 7. trinn og 5. til 10. trinn.
Korleis søkje støtte til vidareutdanning for lærarar:
Gjennom UDIR si ordning Kompetanse for kvalitet (KFK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KFB) kan du som jobbar i skulen og tar vidareutdanning også søkje økonomisk støtte.
Det er også mogleg å søkje vidareutdanningar ved Høgskulen i Volda utan vikar og stipendstøtte frå UDIR.
Innblikk i studiekvardagen
Mangelen på kvalifiserte lærarar i dei praktisk-estetiske faga i grunnskulen, gjer at det no straumar lærarar frå ulike delar av Noreg – og til og med Spania – til Volda for å vidareutdanne seg.
Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Vidareutdanninga er organisert som eit kombinert nett- og samlingsbasert tilbod med to samlingar pr. semester. I tillegg til samlingane er det lagt opp digitale læringsløyper og nettmøter gjennom læringsportalen Canvas.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytt til studenten si eiga praksiserfaring. Mellom samlingane skal studenten gjennomføre og evaluere relevante oppgåver på eigen skule.
Det vert gjeve undervegsvurderingar i undervisningsituasjonar og over nett. For å kunne gå opp til eksamen må 80 % av alle læringsløyper gjennomførast innan fastsatt frist. Eksamen er sett saman av praktiske og teoretiske oppgåver. Eksamen vert vurdert til stått/ ikkje stått.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet gir etterspurd kompetanse inn mot musikkfaget i grunnskulen.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Samlingar:
Haust 2025: frå måndag kl 12 til torsdag kl 12 i:
Veke 38 (15.-18.09) Veke 45 (03.-06.11)
Vår 2026: frå måndag kl 12 til torsdag kl 12 i:
Veke 5 (26.-29.01) Veke 15 (13.-16.04)
Eksamen Emne 1 (praktisk eksamen på HVO) 09.-10.12
Studieplan
Musikk 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Studieprogram:
Musikk 1, 1.-10 trinn - Kompetanse for kvalitet
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng:
30
Studielengd:
2 semester
Kull:
2025
Studieplassar:
35
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, barnehagelærar, faglærar, PPU eller liknande)
Om studiet
Musikk 1 er eit vidareutdanningsstudium i undervisningsfaget musikk for 1.-10. trinn i utdanningsprogrammet Kompetanse for kvalitet. Målgruppa er primært lærarar i grunnskulen og i kulturskulen, og utdanninga er delvis differensiert for trinn 1-7 og 5-10. Ved fullført studium skal studenten ha ei god forståing av musikk som fag i skulen i tråd med Kunnskapsløftet 2020 og eit solid musikkdidaktisk fundament for å kunne gi inkluderande undervisning i faget, anten dette gjeld musikkfaget (MUS01-02) eller valfaget Produksjon for scene (VAL0060). Musikkfagets eigenart som praktisk og skapande estetisk fag vert vektlagd, og studenten vil få innsikt i og prøve ut varierte faglege tilnærmingar og metodar for undervisning der elevane kan utvikle djupnekunnskap og sjå samanhengar både i musikkfaget og på tvers av fag. Digitale verktøy og arbeidsmåtar vil vere ein naturleg og integrert del av den oppnådde kompetansen.
Studiet er nett- og samlingsbasert. Samlingane vil sikre at studentane får nødvendig undervisning, praktisk utprøving og rettleiing på varierte arbeidsmåtar og -prosessar i musikkfaget. Gjennom arbeidsoppgåvene og deltaking i ulike typar nettleksjonar og nettbaserte aktivitetar vil studenten styrke sin profesjonsfaglege digitale kompetanse (PfDK), som ein del av den heilskaplege kompetansen som musikklærar.
Gjeldande læreplanar, fagfornyinga, fagteori og fagdidaktikk vil, saman med studenten sin eigen skulepraksis, danne refleksjonsgrunnlag i studiet.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Kunnskapar
Kandidaten har:
kunnskap om skulefaget Musikk sine kjerneelement og om musikkundervisning i tverrfaglege samanhengar
kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som grunnlag for refleksjon og undervisning
kunnskap om faget si plassering i den digitale skulekvardagen
Ferdigheiter
Kandidaten kan:
planlegge, leie og evaluere undervisningsaktivitetar i musikkfaget og i tverrfaglege samanhengar
reflektere over eigen undervisningspraksis med utgangspunkt i fagteori og fagdidaktikk
bruke og vurdere tenlege digitale verkty i eiga undervisning
Generell kompetanse
Kandidaten kan:
bruke kunnskap og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
vise samarbeidsevne og evne til refleksjon
bruke verdiar i faget til å stimulere elevane si personlegdomsutvikling og danning
nytte kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Organisering og arbeidsmåtar
Studiet består av 2 emne à 15 studiepoeng på kvart sitt semester. Studiet er nett- og samlingsbasert med to samlingar pr. semester ved Høgskulen i Volda. Det er elles nettleksjonar annakvar veke, samt nettbasert møte for erfaringsdeling ein time annakvar veke.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytt til studenten si eiga praksiserfaring. Mellom samlingane skal studenten gjennomføre og evaluere relevante oppgåver på eigen skule.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6