Kulturmøte
Mastergrad Vidareutdanning (masternivå)
Med utgangspunkt i faga historie og religion, er Master i kulturmøte eit studium om møte mellom kulturar: regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Master i kulturmøte gir nyttig og etterspurd kompetanse i dagens globaliserte samfunn, der kulturmøta er meir omfattande og intense enn tidlegare. Studiet har relevans for ulike yrkesvegar, mellom anna internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti, i forskings- og utgreiingsarbeid (FoU), i skuleverket og i medie- og informasjonsverksemder.
Vil du bruke utdanninga i skulen, kan du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
- Deltid, Samlingar
- Varigheit 8 semester (4 år)
- 120 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2024 -
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
- Opptakskrav
- Bachelorgrad eller tilsvarande i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp. fordjuping i det same faget.
- Allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag og minimum 20 studiepoeng fordjuping i det same faget.
- Tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering.
Det er krav om karaktersnitt C eller betre i graden.
- Studieplan
Studieinnhald
Programmet er bygd opp av fire kulturhistoriske emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng. Det vil kvart år bli gitt tilbod til studentane om å skrive masteroppgåve innanfor prosjekt som programansvarleg tilbyr.
Obligatoriske emne:
- Nasjon, kultur og religion
- Vitenskapsteori og metode inkl. prosjektomtale/oppgåvedisposisjon
- Masteroppgåve i Kulturmøte
Valbare emne:
- Brennpunkt Midtausten
- Sekularitet og skule i møte med religiøs pluralitet.
- Migrasjon, kjønn og religion
- Mikrohistorie
Det vert vektlagt å gi studentane kompetanse til å leie arbeid med kulturell integrering, og kunne planleggje og gjennomføre FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre.
Praksis og utveksling i utlandet
Det vil bli lagt til rette for utanlandsopphald på eitt til to semester ved samarbeidsinstitusjonar i utlandet, til dømes ved University of Limerick i Irland eller ulike spanske og skotske universitet.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
I studiet vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. Når det gjeld den teoretiske delen, vil eitt obligatoriske emne (Nasjon, kultur og religion) gå i haustsemesteret og det andre (Vitskapsteori og metode) gå i vårsemesteret. I dei to obligatoriske emna er undervisninga obligatorisk. Kvart semester tilbyr vi to valfrie emne. Oppgåvedelen av studiet gjennomfører studenten i samråd med rettleiaren. Det er viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Master i kulturmøte gir nyttig og etterspurd kompetanse i dagens globaliserte samfunn, der kulturmøta er meir omfattande og intense enn tidlegare. Studiet har relevans for ulike yrkesvegar :
- Internasjonalt arbeid
- Arbeid i organisasjonar og politiske parti
- I forskings- og utgreiingsarbeid (FoU)
- I skuleverket
- I medie- og informasjonsverksemd
- I offentleg og privat forvaltning
- I ABM-sektoren
- Kultursektoren elles
Mastergraden kvalifiserer til opptak ved doktorgradsstudium og ein vidare karriere som forskar.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
KUM301 Nasjon, kultur og religion
Undervisningen er samlingsbasert over en uke, samt 2 digitale undervisningsdager. Samlingen går på Høgskulen i Volda. Oppmøte første dag, mandag 2. september kl 09:15 på HS101 Selskapet (Hans Strøm huset).
Samling 1: uke 36: mandag 2/9-fredag 6/9 - 2024 fysisk oppmøte på campus
samt mandag 9/9 og onsdag 11/9-2024 på zoom
KUM305 Brennpunkt Midtøsten
Undervisningen foregår digitalt over 3 uker med 4 dager i undervisning per uke.
Det vil bli et oppstartsmøte på zoom 19. august 2024. Samlingene blir også gjennomført på zoom. Mer informasjon om dette i Canvas.
Tirsdager og torsdager er det 4 timers undervisningbolker fra kl. 1200-1600, mens det onsdager og fredager er 2 timers undervisningsbolker fra kl. 1400-1600
- Samling 1: uke 38: mandag 16/09 - fredag 20/09 - 2024
- Samling 2: uke 40: tirsdag 01/10 - fredag 04/10 - 2024
KUM311 Mangfold, integrasjon og eksklusjon
Undervisningen er samlingsbasert over to uker. Mandag til onsdag i uke 37 og mandag og tirsdag i uke 41.
Det vil bli et oppstartsmøte på zoom 19. august 2024. Samlingene blir også gjennomført på zoom. Mer informasjon om dette i Canvas.
- Samling 1: uke 37: Mandag 09/09 - Onsdag 11/09 - 2024
- Samling 2: uke 41: Onsdag 09/10 - Torsdag 10/10 - 2024
KUM306/KUM306D Masteroppgave
Det blir gjennomført to oppgaveseminar på zoom for studenter som arbeider med masteroppgave.
Seminar 1: 1. og 2. oktober (for studenter som skal levere masteroppgaven høsten 2024)
Seminar 2: 11. og 12. november (for studenter som skal levere masteroppgaven våren 2025, eller senere)
Studieplan
Kulturmøte - master (deltid)
Studiet skal medverke til å utvikle kandidatane si forståing av kulturmøte som eit tverrfagleg forskingfelt, auke den realhistoriske kompetansen og evna til å analysera kva funksjon og verdi kulturmøte har hatt og har. Kulturmøte vil gje studentane kompetanse innan eit breidt spektrum av arbeidslivet – internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti, forskings – og utgreiingsarbeid, i skuleverket, i kyrkjer, i arbeid innan media og informasjon, offentleg og privat forvaltning, i ABM-sektoren (arkiv, bibliotek, museum) og kultursektoren elles.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha
- inngåande kunnskap om det teoretiske grunnlaget for forsking om møte mellom kulturar historisk og i vår eiga tid
- avansert kunnskap om fagområdet som tverrfagleg forskingsfelt, særleg forankra i religions- og historievitskap
- spesialisert kjennskap til og innsikt i eit utval av møte mellom kulturar på ulike arenaer i fortid og samtid
Studenten skal kunne
- finne fram i og vurdere kritisk kulturhistorisk forskingslitteratur og relevant kjeldemateriale
- analysere eksisterande kulturvitskaplege teoriar, metodar og fortolkingar og nytte dei i sjølvstendig arbeid med praktisk og teoretisk problemløysing
- planleggje, avgrense og utforme eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Studenten skal kunne
- vurdere og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært
- nytte kunnskapane sine på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan forsking, utgreiing, undervisning og formidling om feltet
- ha faglege føresetnader for å leie arbeid med kulturell integrering
- planleggje og gjennomføre nye FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre
Studiet er sett saman av tre kulturhistoriske emne, eit vitskapsteoretisk emne, alle fire à 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Masteroppgåva, det vitskapsteoretiske og det kulturhistoriske emnet er obligatoriske; to fagemne er valfrie.
Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet:
Studiet har obligatorisk frammøte i de to obligatoriske emna.
Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Etter måten få undervisningstimar gjev deg stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om at du kan planlegge di eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, då ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Emne | 2025 H | 2026 V | 2026 H | 2027 V | 2027 H | 2028 V | 2028 H | 2029 V |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1. OG 2. STUDIEÅR | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
Min. 15 stp. valemne i semester 2 og 3: | 15 | 15 | ||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
3. OG 4. STUDIEÅR | ||||||||
15 | 15 | 15 | 15 | |||||
Sum (120 total) | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 |
Ingen praksis.
- Deltid, Samlingar
- Varigheit 8 semester (4 år)
- 120 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2024 -
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
- Opptakskrav
- Bachelorgrad eller tilsvarande i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp. fordjuping i det same faget.
- Allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag og minimum 20 studiepoeng fordjuping i det same faget.
- Tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering.
Det er krav om karaktersnitt C eller betre i graden.
- Studieplan
Søknadskode : 4361