Hisotrie_nett

Historie

Fordjupingsstudium

Historie fordjupingsstudium kan saman med anna yrkesutdanning kvalifisere for arbeid innanfor ei rekkje  yrke som mellom anna lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og –administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum).

Studiet tek mellom anna opp globalhistoriske problemstillingar, den norske kystkulturen og spørsmål kring nasjonale og regionale identitetar i Spania. Studantane skal få kunnskap om dei sosioøkonomiske og kulturelle kontrastane og mangfaldet i verda, i tillegg til å få innsikt i lokalhistoriefeltet.

  • Deltid, Heiltid, Nettstudium
  • Varigheit 1 semester
  • 30 studiepoeng
  • Start haust vår
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Årsstudium (60stp) i historie eller samfunnsfag.

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Sjå meir om historie i Volda!

Studieinnhald

Studiet er sett saman av emne på 15 studiepoeng. Deltidsstudenten vel 1 emne i semesteret. Heiltidsstudenten vel 2 emne i semesteret. Du kan velje mellom desse emna:

  • Kystkultur og kystsamfunn (haust)
  • Spania - identitetar, nasjonar, regionar (haust)
  • Globalhistorie. Europa, Vesten og verden (vår)
  • Lokal-, familie- og mikrohistorie (vår)
  • Bacheloroppgåve

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Alle teoriemna vert gjennomført som nettstudium. Bacheloroppgåva må bygge på eit teoriemne. Studenten får tildelt ein rettleiar til arbeidet med bacheloroppgåva.  

Som regel tilbyr vi eit teoriemne pr. semester med forelesing, men då med føresetnad om at det melder seg minimum 8 studentar. Studiet er fleksibelt tilrettelagt og har få undervisningstimar i veka. Det er viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, då ein del av pensumlitteraturen er på dette språket.

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Historie fordjupingsstudium kan saman med anna yrkesutdanning kvalifisere for arbeid innanfor ei rekkje område.Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og –administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum), hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie.

Fullførte 90 studiepoeng i historie kan innanfor ein bachelorgrad kvalifisere for opptak på master i Kulturmøte ved Høgskulen i Volda eller relevante mastergradar ved andre høgskular og universitet.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Undervisningen starter i uke 33.

Se på emnesiden til HI208 og HI212 i Canvas for mer informasjon. 

Studieplan

Historie - fordjupingsstudium (nettstudium)

Studieprogram: 
Historie - fordjupningsstudium (nettstudium)
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2025
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Deltid
Opptakskrav

Årsstudium i historie eller samfunnsfag

Om studiet

Studiet vil kunne gje innsikt i dei sosioøkonomiske og kulturelle kontrastane og mangfaldet i verda. Hovudvekta ligg på nyare tid med prosessen då Europa og Vesten vart dominerande drivkraft. Gjennom samanliknande studie av moderniseringsprosessar i norske kystsamfunn kjem det fram at kontrastane og mangfaldet også finst mellom ulike regionar innanfor stats- og nasjonsgrenser. (emna HI201 og HI212).

Studiet vil òg kunne gje innsikt i lokalhistoriefeltet, slik det har vakse fram dei siste hundre åra og slik det blir drive i Noreg i dag. Oversynskunnskapar om fagfeltet internasjonalt er også innan synsfeltet (emnet HI204).

Emnet Spania – identitetar, nasjonar, regionar (HI208) er todelt: Hovudfokus ligg på nyare spansk historie, med særleg fokus på spanske nasjonale identitetar eller nasjonsbyggingsprosjekt, slik som den liberale 1800-talsnasjonalismen og Francoregimets nasjonalkatolisisme, og på framveksten og konsolideringa av regionale identitetar som til dømes i Baskerland, Catalonia og Galicia. Forholdet til omverda (Latin-Amerika, EU, NATO) blir analysert. Dei spanske kongedømma i seinmellomalderen og det spanske imperiet utgjer ein sentral del av emnet.

Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid. I ei tid med raske endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida. Historia vil alltid vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten:

  • har gode realhistoriske kunnskapar i tilknyting til fordjupingsemnet / emna, og dessutan kjenne til sentrale teoriar og debattar innan det/ dei valde emna
  • har grunnleggjande kunnskapar om sentrale teoriar og metodespørsmål i historisk forsking
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan granske historiske data, kjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten:

  • har medvit om samtidige og fortidige hendingar og prosessar
  • kan arbeide sjølvstendig og definere, strukturere og gjennomføre prosjekt
  • har evne til å sjå kritisk på omverda og å tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig
  • kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking, og framføre velformulerte resonnement
  • kan handtere større informasjonsmengder, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon gjennom prosessarbeid
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Organisering og arbeidsmåtar

Studentane gjennomføre frå eitt til tre emne à 15 studiepoeng. Studenten vel av emna som ligg i studiemodellen. Studiet kan takast på heiltid eller deltid.

Bacheloroppgåva (HI210) bør vere innanfor eitt av emna studenten har valt på fordjupingsnivå. Dette emnet bør takast før eller same semester som HI210.

Historie - fordjupingsstudium (nettstudium)
Navn: 
Historie - fordjupingsstudium (nettstudium)
Emne2025 Vår2025 Haust
Studenten kan velje inntil tre av fordjupingsemna under. Minimum 15 studiepoeng, maksimalt 45 studiepoeng.
1515
 
15
 
15
 
15
 
15
Anna
Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Dette gjeld særleg for deg som tar studiet som nettstudium, men det gjeld òg for lokale studentar som følgjer undervisinga i Volda. Etter måten få undervisningstimar i veka gjev deg stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om at du kan planlegge di eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, då ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk. Dersom du vil nytte studiet til ein fri bachelorgrad, må HI210 inngå som eitt av emna.
Ansvarleg
Harald Johannes Krøvel, [email protected], telf: 70054879
  • Deltid, Heiltid, Nettstudium
  • Varigheit 1 semester
  • 30 studiepoeng
  • Start haust vår
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Årsstudium (60stp) i historie eller samfunnsfag.

  • Studieplan
Stengt for søking!

Søknadskode : 4226 (heltid/deltid)

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt