Historie
Bachelorgrad
Historia – eit nytt blikk på verda rundt deg.
Bachelorprogrammet i historie har som mål å gi deg eit historisk perspektiv på det mangfaldige notidssamfunnet vårt, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt. Du får kompetanse til å forstå samanhengar og utvikling over tid og å bygge opp ei reflektert haldning til eiga samtid. Studiet kvalifiserer for arbeid innanfor skule, museum, arkiv og journalistikk
Utdanninga dannar grunnlag for opptak til Master i kulturmøte og Master i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda.
Høgskulen i Volda har eit historikarmiljø med høg kompetanse som gir viktige bidrag til norsk historieforskning.
- Heiltid
- Varigheit 6 semester (3 år)
- 180 studiepoeng
- Start haust
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Studieinnhald
Historiefaget har ingen fasit om fortida. Studieprogrammet lærer deg å tenke kritisk, å samanlikne ulike versjonar av fortida, sjå ulike perspektiv, og forstå fortida med alle dei samansatte strukturane som påverkar kvarandre. Utvikling av evne til sjølvstendig, kritisk tenking gir historiestudentar ein viktig reiskap i den aktuelle kampen mot falske nyhende og konspirasjonsteoriar. Gjennom samarbeid med Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal, vil du både få opplæring i kjeldebruk og høve til å nytte arkivmateriale i arbeidet med oppgåver.
Praksis og utveksling i utlandet
Som student ved Bachelor i historie kan du ta eit eller to semester i utlandet. Vi tilrår blant anna våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Irland, Tyskland og USA.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga i historie er organisert som forelesingar og seminar, og nokre av emna på fordjupingsnivået har nettbasert undervisning. Første studieåret vil du få vere med på ein studietur til Roma over fem dagar, med innlagt undervisning.
Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Gjennom studieprogrammet i historie skal studentane tileigne seg brei realhistorisk innsikt med tematisk og kronologisk fordjuping. Studiet vil også gi innføring i metodar for handsaming av ulike typer kjelder og god trening i å analysere og samanfatte store informasjonsmengder. Studiet kvalifiserer for arbeid innanfor skule, museum, arkiv og journalistikk.
Studiet kvalifiserer for opptak til Master i kulturmøte og Master i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda, og andre relevante mastergradsstudium ved høgskular og universitet.
Studieplan
Historie - bachelor
Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt. Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid.
Bachelorgraden i historie kvalifiserer for opptak til masterprogramma Kulturmøte og Nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, masterstudium i historie ved universiteta i Noreg og relevante masterstudium ved utanlandske lærestader.
Bachelor i historie frå HVO kvalifiserer for ulike former for formidlings-, kultur- og internasjonalt arbeid. Avhengig av fagval og praktisk pedagogisk utdanning kvalifiserer utdanninga for undervisning i skuleverket. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og -administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskap om sentrale teoriar og metodespørsmål i historisk forsking
- vere i stand til å reflektere omkring vitskaplege grunnlagsproblem og har kunnskap om tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet
- har brei kunnskap om norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, og kunne sjå samanhengar og samanlikne i tid og rom
- gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, har fått utvida kunnskap om og innsikt i eit meir avgrensa tema
- har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
- har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet
Studenten:
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei problemstilling
- kan granske historiske data, kjelder og litteratur, og trekkje sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
- kan skrive meir omfattande fagtekstar (bacheloroppgåve) på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
- kan reflektere over historiefaget med utgangspunkt i andre fagtradisjonar
Studenten:
- har medvit om samtidige og fortidige hendingar og prosessar
- kan arbeide sjølvstendig, definere, strukturere og gjennomføre prosjekt
- har evne til å sjå kritisk på omverda, tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig og framføre velformulerte resonnement
- kan handtere større informasjonsmengder, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon gjennom prosessarbeid
- kan dokumentere skriftleg arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Bachelorprogrammet i historie er sett saman av sju historiefaglege emne á 15 studiepoeng, til saman 105 studiepoeng. Fire emne er på grunnivå og tre, inklusive bacheloroppgåva, er på fordjupingsnivå. Emna på grunnivå er obligatoriske, medan det på fordjupingsnivået er høve til å velje blant dei emna instituttet tilbyr. Bacheloroppgåva bør skrivast med utgangspunkt i eit av fordjupingsemna.
Dei resterande 75 studiepoenga kan takast fritt frå emner i samfunnsvitskap og humaniora. Vel gjerne ut frå kva du vil nytte denne graden til. Vi rår deg til ikkje å velje samfunnsfag, sidan det vil føre til studiepoengreduksjon, sjå omfang i emneplanane på grunnivået. Emner frå andre fagfelt kan også veljast inn om dei er relevante for ei historieutdanning.
Emna i første studieår har tilbod om forelesingar og seminar. Emna på fordjupningsnivået (200-emna) går anten med forelesingar og/eller som nettstudium. Instituttet tek atterhald for nok påmelding og at nødvendige lærarkrefter er disponible.
Obligatoriske historiefaglege emne som inngår i programmet:
- Grunnemna HI100, HI111, HI112 og HI113
- To teoriemne i historie på fordjupingsnivå (200-nivå)
- Bacheloroppgåve (HI210).
Valfrie historieemne som kan inngå i programmet:
To valfrie fordjupingsemne kan veljast inn i bachelorgraden, men det er valfritt kva semester dei blir tekne.
Krav til rekkjefølgje
Dei fire obligatoriske grunnemna må takast første studieår. Bacheloroppgåva (HI210) bør vere knytt til eitt av emna studenten har valt på fordjupingsnivå. Dette emnet bør i så fall takast før eller i same semester som HI210.
Emne | 2025 Haust | 2026 Vår | 2026 Haust | 2027 Vår | 2027 Haust | 2028 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | 30 | 30 | 15 | 15 | ||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Bacheloroppgåva skal normalt skrivast i det siste semesteret, men kan etter avtale skrivast i 4 eller 5 semester. | ||||||
15 | 15 | |||||
Fordjupingsemne (30 studiepoeng) | 30 | 30 | 15 | 15 | ||
Studenten må velje to av fordjupingsemna i løpet av semester 3, 4, 5 eller 6. Ein tek attehald om tilstrekkeleg påmelding og endringar: | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Valemne (tilsaman 75 studiepoeng). | ||||||
Vi rår til at studentane vel emne innanfor same emnegruppe, t.d. 60 studiepoeng engelsk og eitt ekstra fordjupingsemne i historie eller IPA213. | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Anna relevant valemne: Merk evnt. krav til forkunnskap i emneplanen. | ||||||
15 | 15 | |||||
Etter vurdering kan andre emne enn dei som går fram av studiemodellen, gå inn i studieprogrammet. Ta kontakt med Studentsørvis. | ||||||
NB! Skuleretta samfunnsfag kan ikkje veljast som valemne pga. fagleg overlapping. | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Instituttet kan hjelpe til med å finne studiestader for dei som vil ha eit utanlandsopphald i samsvar med eigne faglege interessefelt.
Du legg til/vel støtteemne i utdanningsplanen din på Studentweb i fastlagde periodar for undervisningsopptak kvart semester. Emne frå andre institusjonar kan innpassast etter søknad. Kontakt programansvarleg.
- Heiltid
- Varigheit 6 semester (3 år)
- 180 studiepoeng
- Start haust
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Søknadskode : 223 481