Helse- og sosialfag
Mastergrad
Masterprogrammet legg vekt på å gi studentane eit godt grunnlag for profesjonsrolla, undervisning og førebyggande arbeid. Særleg er slik kompetanse etterspurt i helseføretaka. Studiet vil også gi deg grunnlag for å leie og utvikle helse- og sosialtenester med slik profil.
Du lærer om korleis du som sosial- og helsearbeidar kan bidra til at brukarar kan meistre utfordringar i ulike tilstandar og livsfasar. Gjennom fokus på relasjonsorientert brukarretta kommunikasjon, samarbeid med brukarar, pårørande og andre profesjonelle lærer du kva som kan fremje utvikling, meistring og myndiggjering (empowerment). Du vil få omfattande innsikt i korleis strukturelle forhold bidreg til ulike vilkår for meistring for ulike brukargrupper.
- Deltid, Heiltid, Samlingar
- Varigheit 8 semester (4 år)
- 120 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2024 -
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
- Opptakskrav
- Bachelorgrad i helsefag, sosialfag eller pedagogiske fag.
- Cand.mag.-grad med relevant fagsamansetjing.
- Annan relevant grad eller utdanningsløp av minimum tre års omfang.
For dei to siste punkta er det krav om at studiet har 80 relevante studiepoeng, derav minimum 20 studiepoeng på fordjupingsnivå.
- Studieplan
Praksis og utveksling i utlandet
Som student ved master i Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering kan du etter søknad få godkjent relevante emne gjennomført ved universitet eller høgskular i utlandet.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Masterstudiet som deltidsstudium, går vanlegvis over fire studieår. Ved særskild ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium. Undervisninga er samlingsbasert for både deltids- og fulltidsstudentar, og gjer det mogleg å kombinere utdanning med arbeid på heiltid eller deltid. Mellom samlingane vil samarbeidet mellom lærar og student foregå nettbasert med hjelp av e-læringsverktøy (Canvas). Alle emne med 15 studiepoeng går over eit semester, medan emne med 30 studiepoeng går over to semester. For fulltidsstudentar vil emna bli arrangert slik at studentar til vanleg kan følgje to emne på 15 studiepoeng i kvart semester.
Ta kontakt om meir informasjon med studiekoordinator eller med Studentsørvis.
Studenten kan i tillegg velje relevante valfrie emne.
Av valfrie emne kan studenten velje blant godkjente emne ved HVO og ved andre utdanningsinstitusjonar etter søknad og individuell vurdering. Dette kan eksempelvis vere masteremne som MT 500 Fysisk aktivitet og naturopplevingar og MT501 Fysisk aktive deltakarar ved Høgskulen på Vestlandet. Alle valfrie emne som skal inngå i mastergraden skal ligge på masternivå.
Studiet vert avslutta med skriving av masteroppgåve.
Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Masterprogrammet legg vekt på å gi studentane eit godt grunnlag for profesjonsrolla, undervisning og førebyggande arbeid. Særleg er slik kompetanse etterspurt i helseføretaka. Studiet vil også gi deg grunnlag for å leie og utvikle helse- og sosialtenester med slik profil.
Fullført mastergrad gir grunnlag for å arbeide med forsking og utgreiingsarbeid (FoU), og kan kvalifisere for opptak til doktorgradsstudium.
Vil du bruke utdanninga i skuleverket, kan du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
MEI301 Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet
Undervisninga er lagt til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling:
Fyrste undervisningsdag er måndag 19.08.2024, oppmøte kl 10:15 på HS220 Granskinga (Hans Strøm huset).
- Samling 1, veke 34: måndag 19. august - torsdag 22. august 2024 (fysisk samling)
- Samling 2, veke 38: måndag 16. september - torsdag 19. september 2024 (denne samlinga er heildigital, med opplegg i Canvas og på zoom).
- Samling 3, veke 43: måndag 21. oktober - torsdag 24. oktober 2024 (fysisk samling)
Undervisninga er ein kombinasjon av fysiske og digitale forelesingar, gruppearbeid, seminar, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m.
LIH301 Leiing i helse og sosialtenesta
Undervisninga er organisert med samlingar på Høgskulen i Volda. Kvar samling går over to dagar.
Tidspunkt:
Torsdagar kl.10:15 til kl.16:00
Fredagar kl.09:15 til kl.15:00
Fysisk/digitalt:
Februarsamlinga 2025 er heldigital.
Dei øvrige samlingane er fysiske ved HVO, men med hybrid digitalt opplegg (zoom).
Fyrste oppmøte er torsdag 15/8 kl 10:15 på BK161 Store auditorium (Berte Kanutte huset).
Samlingsveker:
Haustsemesteret 2024:
- Samling 1, veke 33: torsdag 15/8 - fredag 16/8 - 2024
- Samling 2, veke 37: torsdag 12/9 - fredag 13/9 - 2024
- Samling 3, veke 42: torsdag 17/10 - fredag 18/10 - 2024
- Samling 4, veke 47: torsdag 21/11 - fredag 22/11 - 2024
Vårsemesteret 2025:
- Samling 1, veke 2: torsdag 09/01 - fredag 10/01 - 2025
- Samling 2, veke 6: torsdag 06/02 - fredag 07/02 - 2025 (merk heildigital!)
- Samling 3, veke 10: torsdag 06/03 - fredag 07/03 - 2025
- Samling 4, veke 19: torsdag 08/05 - fredag 09/05 - 2025
RUS301 Rus som kulturelt og sosialt fenomen
Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med inntil fire undervisningsdagar på kvar samling.
Fyrste undervisningsdag er tysdag 27. august 2024, oppmøte kl 09:15 på HS101 Selskapet (Hans Strøm huset).
Samling 1, veke 35: tysdag 27/08 - fredag 30/08 - 2024
Samling 2, veke 39: tysdag 24/09 - fredag 27/09 - 2024
Samling 3, veke 45: tysdag 05/11 - fredag 08/11 - 2024
IPA304 Leiing og personalutvikling
Emnet er samlingsbasert i 3 samlingar med undervisning over 4 dagar, frå tysdag til fredag.
Fyrste undervisningsdag er tysdag 03/09 - 2024, oppmøte kl 09:15 på HS220 Granskinga (Hans Strøm huset).
- Samling 1, veke 36: tysdag 03/09 - fredag 06/9 - 2024
- Samling 2, veke 40: tysdag 01/10 - fredag 04/10 - 2024
- Samling 3, veke 46: tysdag 12/11 - fredag 15/11 - 2024
MEI303 Forskingsmetode og vitskapsteori
Undervisninga går føre seg på 3 samlinger på 4 dagar:
Fyrste undervisningsdag er tysdag 13/08 - 2024, oppmøte kl 09:15 på HS220 Granskinga (Hans Strøm huset).
- Samling 1, veke 33: tysdag 13/08 - fredag 16/08 - 2024
- Samling 2, veke 42: måndag 14/10 - torsdag 17/10 - 2024
- Samling 3, veke 47: måndag 18/11 - torsdag 21/11 - 2024
MEI304/MEI305/MEI314/MEI315 Masteroppgåve (30 eller 45 studiepoeng)
Undervisninga i samband med masteroppgåva går føre seg på 2 samlingar på 2 dagar våren 2025.
- Samling 1, veke 5: måndag 27/01 - tysdag 28/01 - 2025
- Samling 2, veke 10: måndag 03/03 - tysdag 04/03 - 2025
Studieplan
Helse- og sosialfag – master (deltid)
Denne mastergradutdanninga passar for deg som vil vidareutvikle den analytiske, kritiske og praktiske kompetansen du treng for å møte utfordringar i det sosial- og helsefaglege feltet. Studiet har eit særleg fokus på meistring og myndiggjering/empowerment som analytisk omgrep og praktisk tilnærming i samhandling med brukarar og pårørande, og med andre profesjonsutøvarar.
Utdanninga gir deg kunnskap om moglegheiter og utfordringar knytt til meistring og myndiggjering, både i direkte samhandling med brukarar og deira pårørande, og på strukturnivå.
Det obligatoriske emnet Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet rettar søkelys på den direkte samhandlinga mellom profesjonsutøvaren og menneske med ulike utfordringar og i ulike livsfasar. Kommunikasjon, brukarmedverknad, tverrprofesjonelt samarbeid og etikk er sentrale område her. I Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet får du auka innsikt i korleis sosiokulturelle forhold og prosessar verkar inn på helse og sosiale problem, samt på profesjonell praksis. Strukturar handlar her om kunnskapssyn og kunnskapstradisjonar, samfunnsmessige og kulturelle endringar, samt organisatoriske og styringspolitiske føringar.
Studiet vil bidra til at du vidareutviklar kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit, som kan styrke di profesjonsutøving.
Gjennom valfrie emne og tema for masteroppgåva, kan du profilere di mastergrad i ein av dei følgande tre profilane:
- Rus og avhengigheitsproblematikk
- Folkehelse og helsefremmande samfunnsutvikling
- Meistring og myndiggjering
Masterstudiet er lagt opp som deltidsstudium over fire studieår. Ved særskilt ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha
- inngåande kunnskap om kva pasientar/klientar kan meistre av oppgåver og ansvar i ulike tilstandar og ulike livsfasar, og korleis meistring kan oppnåast
- omfattande innsikt i korleis ulike kunnskapssyn har relevans for relasjonen mellom helse- og sosialarbeidar og pasient/klient og korleis desse kan legge grunnlaget for god omsorg, rettleiing og nødvendig hjelp
- inngåande kunnskap om korleis det etiske grunnlaget for relasjonen mellom helse-/sosialarbeidar og pasient/klient må utviklast
- kunnskap om korleis språk, informasjon og kommunikasjon kan påverke identitetar, posisjonar og relasjonar
- innsikt i det politiske, juridiske og forvaltningsmessige grunnlaget for medverknad i helse- og sosialsektoren
Studenten skal
- ha inngåande ferdigheiter i å finne og gjere seg nytte av kunnskap om viktige samanhengar mellom sosiokulturelle forhold, livsstil og helse-/sosialproblem i førebyggjande og kurativt arbeid
- kunne initiere FoU-arbeid som kan fremje god praksis på dei nemnde områda
- kunne utøve høg grad av analytisk kompetanse og fagleg skjønn
Studenten skal
- ha omfattande kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i samarbeid med ulike kategoriar brukarar
- vere i stand til å initiere FOU-prosjekt med vekt på slike mål
Masterstudiet er lagt opp som deltidsstudium over fire studieår, med undervisning konsentrert til studiesamlingar som går over fleire dagar i Volda. Ved ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium.
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking.
Studiet er totalt på 120 studiepoeng. Av dette er 75 studiepoeng obligatoriske og 45 studiepoeng valfrie. Emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet (15 stp), Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (15 stp), Forskingsmetode og vitskapsteori (15 stp) og Masteroppgåve (30 eller 45 stp) er obligatoriske. Om ein vel Masteroppgåve på 45 stp, vert den valfrie delen av studiet 30 studiepoeng.
I det avsluttande emnet Masteroppgåve (30/45 stp) er det to eigne studiesamlingar i vårsemesteret, der fokuset er på arbeidet med masteroppgåva og utfordringar ein kan møte i skriveprosessen. I tillegg er det seminar i emnet Forskingsmetode og vitskapsteori, der studentane legg fram og får tilbakemelding på eige masterprosjekt og gir respons på medstudentar sine prosjekt.
Ved målretta val av valfrie emne, kan studentane velje profil på mastergraden. Studentane kan velje blant godkjente emne ved HVO og ein kan også søke om å få innpassa relevante masteremne frå andre utdanningsinstitusjonar. Det siste kan til dømes vere masteremne med tema som helsefremmande arbeid og fysisk aktivitet. Du kan også søke om å få godkjent relevante masteremne frå universitet eller høgskular i utlandet. Alle valfrie emne som skal inngå i mastergraden skal ligge på masternivå. Ved pensumoverlapping mellom dei valfrie og dei obligatoriske emna, må studentane byte ut dei delane av pensum som er like.
Val av profil gir kompetanse med innretning mot ulike delar av det helse- og sosialfaglege feltet. Fullført mastergrad gir også grunnlag for å arbeide med forsking og utgreiingsarbeid, og kan kvalifisere for opptak til doktorgradsstudium.
Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanane.
Emne | 2025 H | 2026 V | 2026 H | 2027 V | 2027 H | 2028 V | 2028 H | 2029 V |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
Vel eit valemne kvart semester (maks 45 stp) | 15 | 15 | 15 | |||||
15 | ||||||||
15 | 15 | |||||||
LIH301 Ledelse i helse- og sosialtjenesten - Emnet vil bli godskrive med 30 stp som del av utdanninga. Emnet går i Molde studieåret 2025/2026, og studentar som ynskjer dette emnet må søkje opptak på emnet ved Høgskolen i Molde | 15 | 15 | ||||||
15 | 15 | |||||||
15 | ||||||||
15 | 15 | |||||||
15 | 15 | |||||||
60 studiepoeng (inkludert MEI301 og MEI302 med minimum karakter C), må vere fullført og stått før ein kan starte på emna MEI303 og MEI314/MEI315. | ||||||||
15 | ||||||||
Vel anten MEI314 eller MEI315: | 15 | 15 | ||||||
Val av MEI314 krev 15 stp. tillegg av valemne, som bør takast i tredje studieår. | ||||||||
* | * | 15 | 15 | |||||
* | 15 | 15 | 15 | |||||
Sum (120 total) | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 |
- Deltid, Heiltid, Samlingar
- Varigheit 8 semester (4 år)
- 120 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2024 -
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
- Opptakskrav
- Bachelorgrad i helsefag, sosialfag eller pedagogiske fag.
- Cand.mag.-grad med relevant fagsamansetjing.
- Annan relevant grad eller utdanningsløp av minimum tre års omfang.
For dei to siste punkta er det krav om at studiet har 80 relevante studiepoeng, derav minimum 20 studiepoeng på fordjupingsnivå.
- Studieplan
Søknadskode : 4539