Fordjuping i arealplanlegging, kartkunnskap og GIS
Vidareutdanning (bachelornivå)
Tilbodet er eit fordjupingsemne i arealplanlegging og GIS og bygger på innføringsemnet PLA121.
- Deltid
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start vårSøknadsperiode 01.11.2024 -
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
- Opptakskrav
PLA121 eller tilsvarande, og til saman minimum 30 studiepoeng
Studieinnhald
Emnet skal gje ei forståing for planlegginga si rolle i samfunnsutviklinga som del av det offentleg forvaltingsapparatet. Konkrete arealplanprosessar vert lagt til grunn for undervisninga. Sentrale tema er GIS som verktøy for analyse, avgjerdstøtte og medverknad i planlegging samt plankonstruksjon. Metodikk for konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse vert diskutert. Emnet er ein god basis for dei som skal arbeide i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert studium.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisinga i emnet går over eit semester. I tillegg til førelesingar, vert det gitt rettleiing i samband med øvingar, utarbeiding av arbeidskrav og semesteroppgåve.
- Deltid
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start vårSøknadsperiode 01.11.2024 -
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
- Opptakskrav
PLA121 eller tilsvarande, og til saman minimum 30 studiepoeng
Søknadskode : 3936