Innføringsemne Vidareutdanning (bachelornivå)
Examen facultatum
Examen facultatum legg vekt på nyare vitskapsteoretiske drøftingar og den historiske samanhengen dei går inn i. I studiet vert det lagt vekt på at studentane reflekterer omkring vitskaplege grunnlagsproblem, og tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet.

- Start:
- Haust Vår
- Omfang:
- Deltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 10,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Innføringsemne Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.02.2025
Studiet har løpande opptak.
Examen facultatum gir ein innføring i vitenskapsteori. Emnet omfattar også akademisk skriving.
Etter fullført emne skal du ha kunnskap om:
- fag- og vitskapshistorie
- sentrale spørsmål i dei humanistiske faga
- ha tileigna deg innsikt i grunnleggande vitskaplege tenkemåtar og metodar
- ha utvikla allmenn kjennskap til og ei allmenn forståing av vitskapleg grunnlagsproblematikk
- ha innsikt i ulike vitskapar og vitskapstypar i høve til kvarandre og i høve til samfunnet
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Emnet er organisert som eit nettstudium. Undervisinga har form av leksjonar på Canvas, utveksling av spørsmål og synspunkt i diskusjonsforum på Canvas, skriving av tre minioppgåver, og kommunikasjon med lærar på e-post. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell heimeeksamen over eitt døgn.