Til hovudinnhald
kunst og handverk

Entreprenørskap i kreative næringar

Vidareutdanning (bachelornivå)

Kva potensiale ligg i kunnskap om entreprenørskap, korleis kan idear realiserast og kva må til for å etablere eige føretak? Entreprenørskap i kreative næringar skal gje forståing for korleis eigen fagkompetanse kan danne grunnlag for eiga verksemd og verdiskaping, samstundes som det vert lagt vekt på personleg utvikling og rolla som samfunnsbyggjar.

Entreprenørskap i kreative næringar eignar seg spesielt godt for deg som har utdanning innanfor praktiske fagområde knytt til medie- eller kulturfeltet.

  • Deltid
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start vår
    Søknadsperiode 01.11.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

Studieinnhald

Emnet gjev innføring innan hovudområda entreprenørskap og entreprenøren, idéutvikling og kreativitet og etablering og kommersialisering.

Les meir om emnet

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, praktiske og næringsretta prosjekt i grupper, og individuelt arbeid. Det vert lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. 

 

 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studiet er eit enkeltemne på 15 stp. og ein må rekne med ein undervisningsdag i veka på det jamne. I tillegg må ein rekne med å sette av tid til arbeid i studentbedrift.

For oppstart våren 2025 kjem det meir informasjon i november/desember 2024. 

Pensum

Pensumlister blir publisert på heimesida og i Canvas før studiestart.

 

 

  • Deltid
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start vår
    Søknadsperiode 01.11.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

Søk frå 1. november

Søknadskode : 4109

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt