Workshop om tradisjonskunst
– Eg er svært oppteken av tradisjonskunst, og i dag lærer eg studentane å føye saman bitar av tre utan å bruke lim eller spikar, seier han.
Design
Som innleiing til den praktiske delen av workshop’en, hadde Audun Røhnebæk Stikbakke ei førelesing om designprosessar.
Stikbakke viser ein del av forføyningane studentane har laga.
Tradisjonskunst
– Dei siste åra har eg spesialisert meg på skandinavisk tradisjonskunst, i første rekkje interiør, møblar og brukskunst. Masteroppgåva mi vil handle om tradisjon og fornying og eldre hotellinteriør, seier Stikbakke.
Stikbakke saman med bachelor- og faglærarstudentar ved Seksjon for formgiving, kunst og handver.
– Fantastisk seminar
Aslaug Maria Djupvik går siste året på den tre-årige faglærarutdanninga. Ho synest det er flott å lære godt gammalt handverk.
Aslaug Maria Djupvik går siste året på den tre-årige faglærarutdanninga i kunst og handverk.
– Seminaret er heilt fantastisk. Skal ein utvikle seg kreativt er det viktig å ha inngåande kunnskap om materiale og teknikkar, slår ho fast.
Ikkje noko å seie på innsats og engasjement.