Voldas svar på by:Larm

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Bygdesus1_620.jpg

Studenthuset Rokken med bookingansvarleg Kristina Juul Jørgensen i spissen står bak festivalen der ein håper å få til noko ein ikkje har opplevd i Volda tidlegare. 

– Dette er ein unik moglegheit til å oppdage kul musikk før alle andre. Det er viktig at folk støttar opp om festivalen, for då kan den bli enda større neste år. Vi vil at dette skal bli eit slags by:Larm for Volda, fortel Juul Jørgensen.

Stor etterspurnad

Festivaldelen av by:Larm, som kvart år går føre seg i Oslo, er kjend for å gi talentfulle artistar og komande stjerner på musikkhimmelen sjansen til å spele for eit større publikum. Det er det ein no vil kopiere i Volda – om enn i ein ganske mykje mindre skala.

Ideen om festivalen dukka opp hos Juul Jørgensen og bookingkollegaen hennar på Rokken, Ingelin Storstein Hole, då dei innsåg kor mange artistar Rokken må takke nei til. Kalenderen var rett og slett full for hausten.

– Vi får fleire e-poster kvar dag frå folk som vil spele på Rokken. Og vi ønsker å gi fleire moglegheita, difor tenker vi at Bygdesus er ein god idé. Saman med bookingbyrået Nordic Live, som har ansvaret for ei rekke norske artistar, fekk vi på plass ei liste med artistar som vi er veldig godt fornøgd med, smiler den bookingsansvarlege ved Rokken.

Frå soul til rap

Heile Rokken vil bli teke i bruk under festivalen. Torsdag 14. september opnar det med finale for Veka-stipendet, der vinnaren vil få spele ein heil konsert under Veka 2018. Av over 20 påmeldte er det plukka ut fire finalistar som skal kjempe om stipendet torsdags kveld. I tillegg vil også Volda-vokalisten Jeki, kjend frå mellom anna Idol, halde konsert i kafeen.

Fredagen byr på eit breitt spekter av artistar, som skal kunne fenge mange. Her er slik Juul Jørgensen kortfatta presenterte artistane for oss:

– Hajk; eit popband med soul i seg der vokalisten minner om Ingrid Helene Håvik i Highasakite.

– Kristian Haugen; ein dyktig singer-songwriter frå Hornindal.

– Kajander; popartist frå Lofoten som liknar på Sondre Justad i uttrykket.

– Mute The Machinery; ein spennande duo frå Volda og Ørsta som miksar vokal og synthesizer og i tillegg blandar inn ferdigproduserte lydar.

– Izabell; samfunnskritisk rappar som i tillegg driv Noregs største hip-hop festival.

Bygdesus2_620.jpg
Rapparen Izabell står på scena i storsalen på Rokken fredag 15. september. Foto: Pressefoto

Etter konsertane vert det meir musikk frå DJ-bordet fredag.

DJ-kveld

Det blir følgt opp med ei spennande DJ-rekke laurdag kveld. Ein vil då ta i bruk storsalen, kafeen og konferanseromet i andre etasje for å skape litt ulik stemning rundt på Rokken. DJ Anna, DJ Maggie, DJ Danny og DJ Åge – studentar og lokale krefter – skal skape stemninga.

– Det vil bli loungestemning, klubbstemning i storsalen og litt rolegare atmosfære i kafeen. Gjestane vil presentert eit breitt spekter av musikk denne kvelden, freistar Juul Jørgensen.

– Korleis dukka namnet Bygdesus opp? 

– Eg sat med by:Larm i bakhovudet, men då vart bygde:Larm litt for likt. Sus er litt av alt, tenker eg. Eg får assosiasjonar til band som skal kome seg opp i musikkverda. Og bygde er jo for at vi er i fine Volda, som eg ikkje får nok av.

Gir tilbake

Det seier Juul Jørgensen som var ferdig med bachelorutdanninga si i musikk ved Høgskulen i Volda i 2016. Frå første dag som student har ho vore frivillig ved Rokken og vil ikkje sleppe arbeidet ved studenthuset sjølv om ho no har fått seg «ein vaksenjobb», som ho sjølv kallar det.

Bygdesus3_620.jpg
Kristina Juul Jørgensen har arbeidd i teknisk-gruppa, vore produksjonsansvarleg, DJ og bookingansvarleg ved Rokken. No vil ho gi noko tilbake til studenthuset.

– Rokken har gitt meg eit stort nettverk i form av alle dei frivillige eg har vorte kjende med og alle folka eg no kjenner i musikkbransjen. Eg har mellom anna fått reist til by:Larm og fått kontakt med andre bookingansvarlege i landet. Rokken er ein utdanningsinstitusjon i seg sjølv, i tillegg til høgskulen. No håpar eg at Bygdesus skal gi både Rokken og Volda eit løft, forsøker Kristina å avslutte, før ho kjem på noko viktig heilt til slutt:

– Festivalpassa er veldig billige. Ein får mykje for pengane, lovar ho.

Festivalpass og programmet kan du sjekke ut her.

Del på