Volda-student startar annonsemarknad
Gutane bak ABC Annonse
Dei har utvikla ein applikasjon for Android og iPhone, som gjer det mogeleg å publisera annonser hurtig ved hjelp av få tastetrykk. Du tek bilete av det du vil selje, legg til pris og beskriving, og applikasjonen vil deretter publisere annonsen på nettstaden.
- Vi ønskjer å gi studentane ved Høgskulen i Volda gratis annonsering i seks månadar framover, ved bruk av rabattkoda «studentvolda», seier Espen.
Det har tatt eitt år å utvikle ABC Annonse, og no håper dei at flest mogeleg av volda-studentane får høyre om det og spreie det vidare til sine medstudentar.
- Eg føler meg heldig som har fått moglegheita til å sette teorien frå utdanninga mi ut i praksis så tidleg, fortel Espen Faugstad, og legger til at riktig bruk av sosiale medier har vore til god hjelp.
For meir informasjon: http://www.facebook.com/ABC.Annonse