Volda-student premiert
Konkurransen var for personar som har vore på eller er på Erasmus-opphald som student. Andrea skreiv eit dikt frå opphaldet hennar i Irland.
Nær ved å vinne
Tordis Marie Espeland arbeider i Senter for internasjonalisering av utdanning. Ho fortel at Andrea var nær ved å vinne heile konkurransen.
– Juryen meinte at bidraget var svært originalt, og underfundig, og at teksten skapte rom for fantasi og assosiasjonar hos lesaren. Ho fekk sagt mykje mellom linjene og med få ord, både om kultur, samfunn og sitt eige opphald som Erasmus-student, fortel Espeland.
Auka merksemd
Espeland fortel at formålet med konkurransen er å vise kva erfaringar studentane får med seg frå eit Erasmus-opphald.
– Vi ønskjer å bruka bidraga til å få meir merksemd rundt Erasmus, slik at stadig fleire studentar oppdagar at dei kan reisa ut og få stipend via sine eigne institusjonar, fortel ho.
Sjå bidraga
Bidraga er lagt ut på nettsida www.studeriutlandet.no og facebook-sida Erasmus Norge.