Volda-ordførar helsa ungdomen
Volda-ordførar Arild Iversen
– Vi vil hjelpe elevane med å gjere dei rette vala, og gje god informasjon om dei moglegheitene dei har. Overgangen frå vidaregåande opplæring til høgare utdanning er ofte lettare i distrikta enn på dei store universiteta i byane, seier utdanningsrettleiar Torill Engeseth.
Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og Høgskolen i Ålesund tek eit krafttak for å pirre nysgjerrigheita til komande studentar.
– Vi ønskjer at elevane vert betre budd til utdanningsval. Med eit slikt tiltak vonar høgskulane også å bidra til mindre fråflytting frå regionen, og at fleire ungdomar vel å bli i Møre og Romsdal, både under utdanning og seinare i arbeidslivet, fortel marknadskoordinator Eirik Bech.
Elevar frå vidaregåande skular samla seg i Berte Kanutte-huset
Elevar lyttar interessert på råda frå ordførar Iversen
Studentar ved musikk opna Utdanningsdagane 2011.