Volda inviterer tidlegare og noverande mediestudentar til regionen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

843fec4e054a91852ec1437c6bda444e39c439a7
─ Det har skjedd ei stor utvikling i regionen på kort tid, ikkje minst på grunn av nye vegsamband, seier Iversen.

22.- 24. april er mange tilstade for å fortelje tidlegare og noverande studentar om nye mogelegheiter i Volda-regionen.  

KULTURNÆRINGSHAGEN

Sunnmøre Kulturnæringshage er eit ressurssenter og knytepunkt for dei kreative næringane på Sunnmøre med fokus på film, video, animasjon, fotografi, PR, kommunikasjon, media, IKT og design. Dei har ein tiårig avtale med HVO om å opprette ein kunnskapspark, og jobbar mot Avdeling for mediefag og Avdeling for kulturfag på høgskulen.

─ Bedriftene som held til i næringshagen har som fellestrekk at dei er små og spesialiserte. Vi har til dømes fire animasjonsbedrifter, seier leiar Martin Foldal.

SPANANDE I VOLDA KOMMUNE

─ På Søre Sunnmøre har vi ei maritim klynge, og ein har mogelegheit til å jobbe i heile verda når ein buset seg i Volda. Vi har ei stadig utbyting av studentar, noko som gjer det til ein spanande kommune.  Næringshagen er eit positivt tiltak, og har kjempepotensiale for å utvikle spanande arbeidsplassar, seier Kultur- og næringssjef i Volda Gunnar Andenes.

NYNORSK KULTURSENTRUM

Karine Munch pendlar frå Oppstryn til Hovdebygda for å jobbe som programansvarleg ved Nynorsk kultursentrum og Ivar Aase-tunet. Tidlegare jobba ho i teater og filmmiljøet i Oslo.

─ Eg har fått gjort meir interessante ting her enn eg vill fått gjort i kva som helst slags jobb i Oslo, trur Munch.

STUDIEBYGDA

StudiebygdA er eit bulystprosjekt som er eit samarbeid mellom offentlege og private partnarar i Volda.

─ Prosjektet skal mellom anna skal auke kunnskapsnivået hos studentar og elevar om jobbmogelegheiter, seier prosjektleiar Ragne Ørstavik Sørheim.

PR-STUDENTANE

PR-studentane starta opp i februar i fjor og har i dag elleve medlemmar. Dei tilbyr gratis kommunikasjonstenester for private og offentlege bedrifter og har mellom anna laga nettsidene og kalla inn til pressekonferanse for Volda Inviterer.

─ Vi har som mål å vere ein studentorganisasjon på størrelse med Volda Studentradio og Student-TV, seier leiar Eirin Sørensen Røkke.

Del på