Volda-besøk til CSUF

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Tekst: Ann Karene Rasmussen

Høgskulen i Volda signerte i fjor vår ein utvekslingsavtale med California State University Fullerton (CSUF), som ligg i det sørlege California. To som har nytta seg av denne utvekslingsavtalen er Vemund Næss og Corinne Kazoleas, som begge representerte Høgskulen i Volda på Study Abroad Fair ved CSUF.

6ec33e9910cb0d43417342ce6fe21f2e
I løpet av messa var det mange som stilte spørsmål kring kor kaldt det faktisk blir i Volda, kva emne dei kan ta og korleis det er å studere i Noreg.

Corinne tar ei grad i Kinesiologi ved CSUF og kunne bidra med førstekunnskap til CSUF-studentane frå sitt semester i Volda. Der tok ho emna Visual Communications, From Ibsen to Fosse og Norwegian Language, Civilization and Academic Life.

− Eg trivdes svært godt med mindre klasser og praktiske emner. Det var også kjekt å lære litt nynorsk, seier ho, etter å ha sagt glosene ho hugsar.  

Overgangen frå solvarme California til norsk vestlandsvêr passa Corinne godt, og ho sette også pris på dei lange kveldane utover hausten. Til studentar som spør ho om utvekslingsopphaldet i Volda fortel ho at det er fantastisk for dei som likar seg utandørs, og at det er ein god skule med mange internasjonale studentar. 

7e80d3dfe5b763dab9f5298a528c2d27
Corinne og Vemund er godt fornøgde med utvekslingsavtalen mellom CSUF og HiVolda.

Vemund studerar PR, media og kommunikasjon i Volda på andre året, og er dette semesteret ved Fullerton. USA har stått høgt på lista hans lenge, og han reknar California som den mest spennande kulturelle staten i landet. Når sjansen baud seg for utveksling, var det ikkje noko han kunne seie i frå seg. Spesielt ettersom at han var så heldig å få ein gratisplass ved Fullerton dette semesteret. Vemund tek emner innan Political Science og History. Å ha alle forelesingar på engelsk er ikkje noko problem, lærarane snakkar tydeleg og forståeleg. Det er andre forskjellar Vemund tar fram når han samanliknar med å studere i Volda.

− Her er det mykje større klasser, gjerne 50-200 personar, men det er framleis mogeleg å delta aktivt i dei mindre klassane. Faktisk utgjer 10 % av karakteren deltaking i klassen. Det er også kveldsundervisning her, eg har til dømes ein klasse frå 19-22. Eg trur det er litt større krav til studentane si arbeidsmengde her, og eg får faktisk lekser.

Han er veldig fornøgd med opphaldet så langt og er ikkje i tvil om å anbefale utveksling til andre studentar.

5ff710e6812428a90ddeb291f7bd8b2b
Dei nye studenthyblane på campus husar 4000 studentar.

CSUF har nesten 39 000 studentar, og medhøyrande eit betydeleg større campus enn Volda. Studentane har tilbod om studentorganisasjonar, trening og mange restaurantar inne på området. Det er også mogeleg å bu på campus, og skulen held av plassar til internasjonale studentar i dei nye studenthyblane.

938e28574dab250355a0af5e3b388217
CSUF har fleire spesialrom for medieutdanningane.

Bandet mellom CSUF og Volda er særskilt sterkt via mediefaga. Professor Dean Kazoleas, som er direktør ved Maxwell Center for International Communication, var i Volda ved studiestart sist haust og har eit svært godt inntrykk av høgskulen. Han snakkar også varmt om kva CSUF kan tilby Volda-studentar. Spesialrom og utstyr for tv- og radioproduksjon og redigering, og store PC-salar var blant det han trakk fram under ei omvising på universitetet.

35a8d24b2a84b5ea083a4a813f3af4f0
Direktør for Maxwell Center for International Communications ved CSUF, Professor Dean Kazoleas, anbefalar alle studentane sine å reise til Volda. Her saman med dottera  og tidlegare Volda-student Corinne Kazoleas og Ann Karene Rasmussen frå Høgskulen i Volda under omvising på CSUF.

Les om alle utvekslingsmogelegheitene du har som student i Volda.

Del på