Vinnarane av #MittVolda
Vinnarane frå instagramkonkurransen #MittVolda, Marius Bøstrand og Ingeløw Elise Kopperud.
Marius Bøstrand, som går siste året på Volda vidaregåande skule, stakk av med førstepremien og vart den heldige vinnaren av ein Ipad Mini.
─ Mitt Volda er Rotsethornet. Det er det som karakteriserer Volda. Eg likar å vere ute å gå i fjellet seier Marius, og dette viser godt igjen på vinnarbildet.
Juryen sei dette om bildet:
«Marius har Volda for sine føter og ser ut og framover! Eit fantastisk bilde!»
Andreplassen gjekk til Ingeløw Elise Kopperud, som går masteren i Dokumentar og journalistikk ved Høgskulen i Volda. Ho vann eit gåvekort på 500 kroner i kantina ved høgskulen.
─ Mitt Volda er studentmiljøet, frivilligheit, Dokfilm, fjord, fjell og svele, fortel Ingeløw.
Juryen sei dette om bilde:
«Ingeløw skildrar med dette bildet ein idyllisk studiekvardag i Volda, omkransa av vakker natur.»
Juryen har bestått av tre medielærarar og representantar frå informasjonskontoret ved høgskulen. Vi gratulerer begge to!
Sjå fleire fine bidrag til #MittVolda her.
Fekk ikkje du med deg filmen «Kva er det beste med Volda»?