Vil du intervjue ein kjendis?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Veka 2009 vert arrangert i oktober, men på PR- fronten trengs det folk allereie no.
– Under Veka er vekeavisa obligatorisk. Den er moro å lage fordi ein kan boltre seg i alle slags sjangrar – og det utan deadline, seier PR- ansvarleg Eirin Aardal.

I tillegg til avis skal også  nettsida Veka.no oppdaterast.
– Det blir mange band å intervjue, kanskje nokre komikarar og ikkje minst høve til å skrive eigne kommentarar. Dessutan kan det óg pynte litt på cven, seier Eirin.

Er du interessert? Kontakt: [email protected]


Del på