Verda i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

8b02698309887adcda817c6ac911b5b21046e7e5

Dei internasjonale gjestane er imponerte over Høgskulen i Volda, fasilitetane, tilboda og miljøet. Dei ser fram til ei spanande kulturell veke i Volda og omegn. I ettermiddag skal dei besøke Kulturnæringshagen og animasjonsmuseet.  I morgon er det Internasjonal dag og dei gler seg til å få presentere sine institusjonar for studentar og tilsette. Torsdag blir det tur ut i øyane, der dei m.a. får stifte nærare kjennskap med den maritime klynga gjennom besøk til Ulstein verft. Sjølvsagt blir det tid til å planlegge nye og interessante samarbeidsprosjekt og dele tankar om student- og lærarutveksling.

Internasjonal dag er open for alle så finn gjerne turen til kantina Berte Kanutte i morgon i tidsrommet 11.15 - 14.30.

Del på