VELKOMSTFRUKOST PÅ KULTURFAG
– Høgskulen i Volda går motstraums og satsar på praktisk-estetiske fag, sa rektor Per Halse under den årlege velkomstfrukosten på Avdeling for kulturfag.
Studentane ved Avdeling for kulturfag (AFK) samla til frukost andre skuledag.
Medan mange høgskular bygg ned sitt tilbod innanfor kulturfag har Høgskulen i Volda seks ulike bachelorutdanningar og eit masteremne innanfor dei fem seksjonane.
– Sidan 2007 har HiVolda hatt ei eiga avdeling for kulturfag med mange spennande tilbod. Eg er ikkje i tvil om at fagtilboda har livets rett. Praktisk-estetiske fag fremjar trivsel og lærdom, sa Halse.
Musikkstudentane Bjørn Thorshaug Lilleengen og Jørn Trollebø Kvalheim stod for musikalske innslag.