Velkomstfrukost på kulturfag
Dei nye studentane ved Avdeling for kulturfag (AFK) samla til frukost andre skuledag.
Medan mange høgskular bygg ned sitt tilbod innanfor kulturfag har HVO seks ulike bachelorutdanningar og eit nytt masteremne, Å skape meining.
─ Vi har det breiaste tilbodet for kulturfag samla på éin utdanningsinstitusjon i Noreg. Vi har også ei heilt ny bachelorutdanning som byrjar no, Faglærarutdanning i formgiving, kunst og handverk, og vi er blant dei første i Noreg som tilbyr den, sa Folkestad.