Veka startar i dag
– Vi har satsa stort i år og oppmodar difor alle til å nytte seg av dette flotte tilbodet som varer i over ei veke, kjøp billettar, oppmodar årets vekasjef, Emil Gukild.
Veka varer i heile 11 dagar og det vil vere noko for alle. Programmet har mangfold – det blir revy, baristakurs, Voldadag, filmpremiere, skidag, intimkonsert, trønderfest, foredrag med Karina Hollekim, vinkveld og mange dyktige artistar frå fjern og nær.