VANN IPAD
Patrick Schuster overrekt premien av direktør Jacob Kjøde og leiaren i valstyret, Mona-Cesilie Andersen.
Kvifor stemte du?
Fordi eg kjente nokre som stilte til val. Eg fekk eit inntrykk av kva desse sto for og kva verdiar dei hadde. For meg var det viktig å støtte dei, fordi den rette personen bør sitt i styret.
Er det viktig å stemme?
Sidan vi bur i eit demokratisk samfunn, som er eit resultat av at folk opp i gjennom historia har kjempa for rettane våre, synes eg det minste vi kan gjere er å stemme på folk som delar våre meiningar på enkelte saker. Kvar stemme tel, og kvar enkelt har ein innflytelse.
Kva synest du om at valet gjekk føre seg I Fronter?
Eg sett pris på at ein kunne stemme på nettet. Det var presentert på ein god måte og gjor det lett å stemme heiman ifrå.