VAL AV STUDENTREPRESENTANTAR TIL HØGSKULESTYRET 2017

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

Høgskulestyret sine oppgåver:
Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir drevet effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.

Gode grunner til å bli med i høgskulestyret:
– Du får godtgjersle for alle styremøter du er med på
– Du får god erfaring frå styrejobbing på ein viktig institusjon
– Du får eit bra verv å ha på CVen din

Meld di interesse ved å bruke den elektroniske nominasjonsporten, eller ved å skrive namnet ditt på nominasjonssetelen som ligg i Studentsørvis (Berte Kanutte-huset). Du kan også ta kontakt med STiV. Kjenner du nokon andre som du ser for deg kan passe til å sitte i styret? Ikkje nøl med å nominere dei, men ver sikker på at dei sjølve ønskjer eit slik verv.

Frist for nominasjon er 28. mars kl.14.00
Elektronisk val i SurveyXact frå 19. april kl. 08.00 
til 3. mai, kl. 23.59.

Viktige datoar for studentrepresentantvalet:
22. februar – 28. mars: Nominasjonsperiode
3. april kl. 13.00: Svarfrist for de nominerte
5. april: Presentasjon av studentrepresentantane
19.- 3. mai: Elektronisk val i SurveyXact

Les meir i valreglementet om nominasjon og gjennomføring av val.

Del på