Utefagsstudentane til Yksnøya
Studentane påUtefag skal lage ei objektsamling med plantar og dyr, og på Yksnøya kom dei godt i gang med innsamlinga. I løpet av dagane vart det tid til både botaniske studiar, ekskursjon til fjøra og innsamling av småkryp i skog og mark.
Botaniske studiar.
Innsamling av «småkryp».
«Mister Yksnøya», høgskulelektor Nils Ola Skuset, har i mange år hatt ansvaret for basen på Yksnøya: teltplassen og naustet med alt av utstyr – båtar, teiner og fiskereidskap. Han gav ei grundig innføring i bruk av færing, samt sikkerheit og kameratredning. Alle måtte i sjøen, inkludert lærarane. Det vart også fortalt om livet på øya før og no og studentane fekk innføring i knutar og andre grunnleggjande ferdigheiter innan friluftsliv.
Båtliv på Yksnøya. Livbåten og høgskulelektor Nils Ola Skuset i bakgrunnen.
Den gamle trekantskrapa som den pensjonerte høgskulelektoren Christoffer Bang tidligare brukte på Yksnøya, vart igjen tatt i bruk ved hjelp av livbåten med motor. Stålramma med netting vart dradd etter båten langs berggrunnen utanfor øya. På den måten fekk vi innblikk i hardbotnsfaunaen i området, og fekk samla inn både slangestjerner, sjøpung og solstjerne. Krabbeteiner vart også satt ut, med fangst av både krabber og ein hummar. Sidan det enno ikkje er lov å fange hummar, var denne heldig og slapp fri. Krabbane vart kokt over bål og nytt av studentane og faglærarane den siste kvelden. Vi hadde også laga bollar, som vart steikt ute i to «sjusteinsomnar». Godt krydra og steikte albogesneglar var forret.
Nils Ola Skuset og ein av studentane med litt av fangsten.
Steiking av albogesneglar i sjusteinsomn.
Utefagsstudiet har fokus på natur og friluftsliv gjennom heile året. Dette studiet skal bu studentane på å kunne ta med barn ut i naturen til alle årstider. I dagens samfunn er svært mykje organisert og mange barn har ikkje den same naturkontakta som barn hadde for nokre få tiår sidan. Det er difor viktigare enn nokon gong at barn får kjennskap til og blir glad i naturen. Dette kan vere grunnlaget som fører til at dei som vaksne vil vere med på å ta ansvar for ein berekraftig bruk av naturen og jorda vår.
Tekst og foto: Randi Holsvik