UTDANNINGSDAGANE 2014

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

VOLDA - ein naturleg møteplass for tusenvis av elevar

I løpet av dei åra Høgskulen i Volda har arrangert Karrieredagar og Utdanningsdagar, har omlag 7000 elevar frå grunnskulen og dei vidaregåande skulane på Søre Sunnmøre og i Nordfjord vore innom høgskulen for informasjon om utdanning og karriere. 

– Rundt desse arrangementa i Volda har vi saman med interessentar som Møre og Romsdal fylkeskommune, ei rekkje kommunar, opplæringskontor, vidaregåande skular, grunnskular, MAFOSS og andre utvikla eit godt og strategisk viktig nettverk for karriererettleiing, seier informasjonsleiar Per Arne Brandal.

41f72b6023809ec2a28c9509e5175fff
Torill Engeseth og Eirik Bech har store forventningar til arrangementet som dei meiner vil gi avgangselevar i vidaregåande skular og elevar i folkehøgskular betre informasjon til å gjere eigne studieval.


STUDENT FOR EIN DAG

Elevane skal vere «student for ein dag», og får vere med på fire ulike fagpostar kvar. I størst mogleg grad er det lagt til rette for at elevane skal oppleve reelle undervisningssituasjonar innanfor dei ulike faga. Høgskulane i Molde og Ålesund vil vere til stades på arrangementet med sine fagmiljø.

– Å få vere med på reelle undervisningssituasjonar vil gi nyttig kunnskap om kva som ventar dei som studentar. Ved Høgskulen i Volda stiller våre beste fagfolk og studentar for å ta i mot elevane. Det er også viktig å vise at dei tre høgskulane i Møre og Romsdal tilbyr eit breitt spekter  av utdanningstilbod, og at vi saman dekker dei fleste fagområde innanfor høgare utdanning for offentleg og privat arbeidsmarknad, seier rådgjevar Torill Engeseth som har det daglege ansvaret for arrangementet.

2c1eef3d4ad705ac27cc41402b238716

Orientering om idrett og friluftsliv.

f40387ec709733fd656c98a136b76334

Frå opninga av karrieredagane.

Pressefoto:
Torill Engeseth og Eirik Bech

Del på