Utdanningsdagane 2013
Tekst: PR-studentane Sarah Emilie Mørch og Marita Søvik Røskar.
På Utdanningsdagane får elevane møte alle avdelingane på Høgskulen i Volda, StudiebygdA, Høgskulen i Ålesund og Høgskulen i Molde.
På Utdanningsdagane får elevane møte alle avdelingane på Høgskulen i Volda, StudiebygdA, Høgskulen i Ålesund og Høgskulen i Molde.
Torill Engeseth, prosjektleiar for Utdanningsdagane, seier at Utdanningsdagane er eit rekrutteringstiltak og at elevane kjem til Volda for å sjå campus og møte studentar og lærarar. Målet er at elevane blir orienterte om utdanningstilbod og moglegheitene dei har her i fylket.
– Det er ingen som blir verande for å studere i distriktet dersom dei ikkje finn eit studietilbod som passar. Har vi gode og tilpassa tilbod, er dette ein god grunn til å bli verande i distriktet, seier Torill Engeseth.
Regionalt tilbod
Eirik Bech, rådgjevar ved Kontor for etter- og vidareutdanning, meiner at målet for Utdanningsdagane er å halde på ungdomen i fylket. Han ønskjer at ungdomen skal få eit godt utdanningstilbod i Møre og Romsdal, i staden for å reise bort.
– Ungdommen i regionen er den viktigaste ressursen vår. Eg meinar sjølvsagt at ungdom bør vurdere å flytte frå gryta til mor, men eg trur ikkje ungdommen treng å reise så langt for å finne gode studietilbod og eit godt studentliv, fortel Bech.
Ønskjer å studere i Volda
I dag var elevar frå Volda vidaregåande og Eid vidaregåande på høgskulen for å få vite meir om høgare utdanning i Møre og Romsdal, og det var fleire som gjekk derifrå med tankar om å ta utdanning i Volda.
– I dag fekk eg vite kva eg skal neste år. Eg ønskjer å ta årsstudium i musikk, men etter det veit eg ikkje heilt. Eg har lyst til å ta nokre år vekke før eg vender tilbake hit, seier Sivert Hjelle frå Volda.
Judith Møller Hjelmeseth frå Herøy ønskjer å bli lærar, og dette vil ho bli i Volda.
– Etter å ha sett meg rundt på høgskulen i dag, har eg bestemt meg for å studere i Volda. Eg vil vere nært heime, og heller reise på utveksling.
* Sivert Hjelle og Judith Møller Hjelmeseth som går på medielinja på Volda vidaregåande skule, kan begge tenke seg å studere på Høgskulen i Volda.
Torsdag var over 350 elevar frå Herøy vgs, Akademiet vgs, Ulstein vgs og Møre folkehøgskule samla på Høgskulen i Volda for å få vite meir om tilbodet for høgare utdanning i Møre og Romsdal. HVO er ein internasjonal høgskule og elevane blir guida rundt på campus av internasjonale studentar frå heile Europa.
Avdeling for samfunnsfag og historie har ansvar for utdanningar i sosialt arbeid, samfunnsplanlegging og leiing og historie. Avdelinga har eit sterkt fagmiljø med 10 professorar og to-tredelar av dei fagtilsette har minst førstekompetanse. På bilde er instituttleiar ved Institutt for sosialfag Hallgjerd Conradi.
Avdeling for kulturfag organiserer det største fagmiljøet innafor kultur- og idrettsfag utanom storbyane i Noreg, med vekt på media og design, digital kompetanse i i læring, kunst og handverk, drama, musikk og kroppsøving/friluftsliv.
Avdeling for humanistitske fag og lærarutdanning har ansvar for lærarutdanningane (allmenn, førskule, ppu) og fagområda norsk, engelsk, pedagogikk, matematikk, naturfag, mat og helse og religionsfag.
På Avdeling for mediefag finn du utdanningar innan journalistikk, animasjon og PR, kommunikasjon og media. Høgskulen i Volda har sidan 1971 utdanna fagfolk til den norske mediebransjen, og medieutdanninga i Volda er kanskje den mest kjende fagutdanninga for medieyrke i Noreg i dag.
Studentar frå Ålesund presenterte deira studietilbod innanfor biologiske fag, helsefag, maritime fag, teknologi- og ingeniørfag og økonomisk-administrative fag.
Studentar får Høgskulen i Molde informerte om deira studietilbod innanfor logistikk, økonomi, sjukepleie, vernepleie, IT, juss og samfunnsfag og idrett.