Utdanningsdagane 2012
Under Utdanninsdagane står høgre utdanning og framtidige karrierevegar i fokus. Målet er at elevane vert orienterte om utdanningstilbod og moglegheiter her i fylket.
– Vi ønskjer sjølvsagt at elevane vert motiverte til å søkje studieplass ved Høgskulen i Volda . Vi vonar også dette kan vere eit bidrag til mindre fråflytting frå regionen ved at fleire ungdomar vel å bli i Møre og Romsdal, både under utdanning og seinare i arbeidslivet, seier rådgjevar Torill Engeset som legg til at regionen har eit aukande behov for arbeidskraft innanfor dei utdanningane høgskulane tilbyr, både på bachelor-, master- og doktorgradsnivå.
SPENT: Mykje ungdom samla seg i kantina under opninga av Utdanningsdagane 2012.
INSPIRERTE ELEVAR: Hege, Ingunn, Silje, Tina, Peter og Simon, studentar ved Lærarutdanninga og humanistiske fag haldt fleire inspirerande føredrag om utdanningstilboda ved Høgskulen i Volda.
MEDIEFAG: Thea-Sofie Brekke og Anne-Lene Molland, studentar på Pr, kommunikasjon og media freista elevane med gode praksis- og utvekslingsmoglegheiter.
SOSIALFAG: Thomas Kleppe, student ved sosionomutdanninga ved Høgskulen i Volda fortalde elevane at det ofte er det små tinga som utgjer ein forskjell.
MUSIKKENTUSIASTAR: Musikkseksjonen freista fleire av elevane frå Volda vidaregåande skule.
HØGSKULEN I MOLDE: Håkon Stensaas og Sindre Møller, studentar ved Høgskulen i Molde synest det er spennande å møte potensielle studentar.
HØGSKULEN I ÅLESUND: Jonny Solbjør og Michael Brautaset, studentar ved Høgskulen i Ålesund håper å sjå mange nye studentar til hausten.